Vital Rymasjewski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vital Rymasjewski
Vitalij Anatoljevitsj Rymasjevskij (transkripsjon frå russisk)
Wital Rymaszeuski.JPG
FøddВіталь Анатольевіч Рымашэўскі
3. mars 1975 (46 år)
i Babrujsk[1]
Statsborgar avKviterussland
PartiDet kviterussiske kristendemokratiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedDet kviterussiske nasjonale tekniske universitetet
MedlemCoordination Council for the Transfer of Power

Vital Anatoljevitsj Rymasjewski (fødd 3. mars 1975) er ein kviterussisk politikar og medleiar i partiet Det kviterussiske kristendemokratiet (Bjelaruskaja khrystsijanskaja demakratyja). Han var kandidat ved presidentvalet i Kviterussland 19. desember 2010. Ifølgje dei offisielle resultata kom han på sjuande plass med 1,1 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. Rymasjewski vart arrestert etter å ha teke del i demonstrasjonar mot måten valet vart gjennomført på same kvelden, saman med fem av dei andre presidentkandidatane, og tiltalt for å ha "forårsaka masseuro". Han vart sleppt laus mot kausjon 1. januar 2011, men tiltalen stod ved lag.[2] Under rettssaka i mai 2011 la aktoratet ned påstand om to års betinga fengsel for rolla hans i demonstrasjonane.[3] Rymasjewski vart dømt til to års fengsel på vilkår. I 2012 oppmoda han til boikott av parlamentsvalet i Kviterussland. Han tok del i protestar mot valfusk ved parlamentsvalet i 2016 og vart bøtelagt for dette.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Карані беларускай палітыкі. Віталь Рымашэўскі" frå Telegraf.by, 25. juni 2011, på kviterussisk
  2. "Belarus urged to free prisoners of conscience held after post-election protest" frå Amnesty International, på engelsk
  3. "Прокурор предлагает не сажать экс-кандидатов в президенты Белоруссии Некляева и Рымашевского" frå Gazeta.ru, 17. mai 2011, på russisk