Vitalij Kryvytskyj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vitaliy Kryvytskyi)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vitalij Kryvytskyj
Krivitskyi.jpg
Fødenamn Віталій Кривицький
Fødd 19. august 1972 (49 år)
Odesa
Yrke katolsk prest, diakon
Vitalij Kryvytskyj på Commons

Vitalij Kryvytskyj (fødd 19. august 1972 i Odessa) er sidan 30. april 2017 katolsk biskop for bispedømet Kiev–Zjytomyr, som omfattar den ukrainske hovudstaden og tilgrensande område.[1]

Familien hans er av polsk opphav, men har i generasjonar vore heimehøyrande i Odessa i Sør-Ukraina.

Kryvytskyj starta arbeidet sitt i den katolske ordenen Salesianarane av Don Bosco i 1989. Han byrja i teneste for Den katolske kyrkja i 1991 og blei ordinert til prest i 1997 etter utdanning ved katolske seminar i Kviterussland og Polen (Hrodna, Kraków, Lublin). Same året vende han tilbake til Ukraina og heldt fram med arbeidet innan Salesianar-ordenen, mellom anna med teneste som ungdomsprest i Odessa, Zjytomyr og Lviv.

30. april 2017 blei Kryvytskyj utnemnd som biskop av Kiev-Zjytomyr av pave Frans.[1] 24. juni same året blei han ordinert til denne tenesta av erkebiskop Claudio Gugerotti.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]