Vitamin K

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Struktur for dei naturlege formene for vitamin K, fyllokinon og menakinon

Vitamin K er ei gruppe feittløyselege vitamin. Bokstaven K står for koagulasjon (blodstørkning). Vitaminet vart oppdaga av den danske biokjemikaren Henrik Dam, som fekk Nobelprisen i fysiologi eller medisin i 1943 for oppdaginga.

I naturen finst vitaminet i to former: Fyllokinon (fytomenadion, kalla K1-vitamin), som finst i grøne planter, og menakinon (kalla K2-vitamin), som vert produsert av bakteriar i tarmen.

Struktur og former[endre | endre wikiteksten]

Vitamin K representerer ei gruppe vitamin som er feittløyselege og har ein felles struktur med ryggrad av 2-metyl-1,4-naftokinon som er substituert i tredjeposisjon.[1] Dei finst i ei rekkje undertypar som blir bestemt av talet av isopreneingar i sidekjeda.[2] Vitaminet finst naturleg i to former som fyllokinon (fytomenadion eller K1-vitamin) og menakinon (K2-vitamin). I tillegg til dei to naturlege formene finst også syntetiske former av vitamin K, K3[3], K4, K5[4] og K6[5]

Fyllokinon (vitamin K1) er eit naftokinon som inneheld ei fytylgruppe med ei sidekjede av isopren som deltar i transport av elektron og proton i fotosyntesen. Fyllokinon finst i alle grøne plantedelar som utfører fotosyntese.[2] Vitamin K1 er relativt stabilt ved varmebehandling, men ømfintleg for lys [6]

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

K-vitamin er viktig danning av protrombin og andre faktorar som er viktig for koaguleringsfunksjonen. Det er ein kofaktor i karboksyleringane som er nødvendige for å danna desse faktorane.[7]

Teikn på mangel[endre | endre wikiteksten]

Mangel på vitamin K fører til auka blødningstendens. Stort inntak av vitamin A og vitamin E kan føra til vitamin K-mangel. Spedbarn kan ha vitamin K-mangel fordi tarmbakteriane ikkje produserer nok vitamin K enno. Dei får difor ofte tilført vitamin K på sjukehuset.

Teikn på for mykje K-vitamin[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner ikkje til nokre symptom eller andre plagar relatert til høgt inntak av Vitamin K. Ved bruk hjå nyfødde og spedbarn er det rapportert om symptom som gulsott, magesmerter, forstopping og utilpassheit. Det er ikkje funne noka klår årsak til desse plagene, men dei fleste av plagene vart heller ikkje rekna som alvorlege, og dei gjekk over utan handsaming.

Vitaminkjelder[endre | endre wikiteksten]

Grøne planter som salat, brokkoli og spinat inneheld mykje vitamin K1.[6] Andre kjelder er meieriprodukt, kornprodukt, kjøt, frukt og mørk sjokolade. Vitamin K2 finst i fermentert ost og natto, ein japansk rett laga av fermenterte soyabønner. Vitamin K2 finst i naturleg form som menakinon-7 (MK-7) og i syntetisk form som menakinon-4 (MK-4). Det er gjort studium som indikerer at den naturlege forma av Vitamin K2 (MK-7) har høgare biotilgjenge i kroppen.[8]

Kosttilskot[endre | endre wikiteksten]

Det finst ikkje offisielle, norske anbefalingar om inntak av vitamin K. Høgaste lovlege døgndose i kosttilskot er 200 mikrogram, lågaste er 25.[9]

EU sitt byrå for næringsmiddeltrygd, EFSA, har godkjent at kosttilskot som inneheld K2-vitamin kan marknadsførast med påstand om positive effektar på beinhelse.[10] Forsking frå Universitetet i Oslo (UiO) har funne at vitaminet K2 styrkar beinvevet ved betennelsar.[11] Det er likevel ikkje alle som held seg til dei godkjende helsepåstandane, og kosttilskot med vitamin K vert ofte marknadsført i strid med regelverket.[12] I 2014 fekk det norske selskapet TG Montgomery varsel om salsforbod dersom dei ikkje fjerna ulovlege helsepåstandar i marknadsføringa av sitt K2-kosttilskott.[13]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Turck, Dominique; Bresson, Jean‐Louis; Burlingame, Barbara; Dean, Tara; Fairweather‐Tait, Susan; Heinonen, Marina; Hirsch‐Ernst, Karen Ildico; Mangelsdorf, Inge; McArdle, Harry J (mai 2017). «Dietary reference values for vitamin K». EFSA Journal. 5. 15. ISSN 1831-4732. doi:10.2903/j.efsa.2017.4780. Henta 25. januar 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Vitamin - Institutt for biovitenskap». www.mn.uio.no (norsk). Henta 25. januar 2019. 
  3. Pubchem. «Menadione». pubchem.ncbi.nlm.nih.gov (engelsk). Henta 25. januar 2019. 
  4. Pubchem. «Vitamin K5». pubchem.ncbi.nlm.nih.gov (engelsk). Henta 25. januar 2019. 
  5. «Vitamin K and Osteoporosis». Natural Medicine Journal (engelsk). Henta 25. januar 2019. 
  6. 6,0 6,1 Mattilsynet (11. september 2008). «Hvor finner jeg informasjon om innhold av vitamin K i mat?». www.matportalen.no (norsk). Henta 25. januar 2019. 
  7. «k-vitamin». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 4. mai 2020. 
  8. «Comparison of menaquinone-4 and menaquinone-7 bioavailability in healthy women». Nutrition Journal. 11. 12. november 2012. ISSN 1475-2891. doi:10.1186/1475-2891-11-93. 
  9. Lovdata: Forskrift om kosttilskudd, besøkt 26. mars 2010
  10. «Millioner til kjøtt og grønnsaker - Matindustrien». Matindustrien (norsk bokmål). 11. februar 2016. Henta 31. mars 2017. 
  11. «- Kroppen trenger mer vitamin K2». NHI.no (norsk bokmål). Henta 31. mars 2017. 
  12. «K2 markedsføres med tvilsomme påstander». Legemiddelverket. 26.10.2014. 
  13. KAROLINE FLÅM (07.11.2014). «Populær «vidunderpille» får reklame-refs». VG.