Vitenfabrikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°51′4.369″N 5°43′51.99″E

Vitenfabrikken sumaren 2010
Foto: Hallvard Nygård, Vitenfabrikken

Vitenfabrikken er eit vitensenter og museum i sentrum av Sandnes i Rogaland. Det opna i 2008.

Vitenfabrikken er den største avdelinga i Jærmuseet med 70 558 besøkende i 2013.

Vitenfabrikken er eit moderne vitensenter, der publikum blir oppfordra til å delta og utforska. Gjennom interaktive formidlingsmetodar er målet å vekka barn og unge si interesse for realfag, matematikk og teknologi. Leik, konkurranse og eksperimentering står sentralt. Men Vitenfabrikken skal òg fortelja Sandnes by si historie og regionen Jæren si industrihistorie. Museet har store samlingar av byens rikholdige industriprodukt, som leirgods og syklar, som dannar utgangspunktet for historiske utstillingar. Integrert i anlegget finn du Krossens havremølle, ei autentisk havregrynsmølle fra 1912, der maskineriet står som det gjorde då produksjonen stoppa i 1988.

Andre sentrale element i utstillinga er den matematiske arva etter rogalendingen Nils Henrik Abel og eit planetarium med plass til meir enn 50 personar.

I 2015 begynnar eit nytt byggesteg, då nabobygget Huset vårt skal integrerast i museet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sjå Jæren 2010, årbok for Jærmuseet (Jærmuseet, Nærbø 2010)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]