Vitengarden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vitengarden er eit museum og vitensenter som ligg på Kvia, ved tettstaden Nærbø, i Hå kommune. Anlegget opna som museum i 1995, og har sidan 2002 vore ei avdeling i Jærmuseet.

Museumsbygningane og museumstomta representerer skjeringspunktet mellom tradisjon og nyskaping. Bygningane ligg i eit gammalt jordbrukslandskap som ennå ber preg av det gamle Jæren. Inne i utstillingsbygget er det moderne vitensenterutstillingar. Under slagordet "Vitensenteret midt i matfatet" skal avdelinga formidla dei "grøne" naturvitskapane gjennom eksperiment og interaktive utstillingar. Ei anna rettesnor er 4H-slagordet "læra ved å gjera".

Vitengarden har eit årleg besøkstal på omkring 45000.

På Kvia ligg òg hovudsetet for Jærmuseet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sjå Jæren 2010, årbok for Jærmuseet (Jærmuseet, Nærbø 2010).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]