Vitim-hendinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nedslagsstaden i Irkutsk oblast

Vitim-hendinga eller Bodajbo-hendinga er eit mogeleg nedslag av ein meteor eller komet ved elva Vitim i Sibir. Det skjedde nær byen Bodajbo i Irkutsk oblast i Russland den 25. september 2002 om lag kl. 10 lokal tid. Hendinga vart fanga opp av ein amerikanske satellitt bygd for å spore missil.

Sidan staden ligg så pass fjernt i den sibirske taigaen vart det først sendt ein ekspedisjon til området i mai 2003. Russiske forskarar fann her spor som var særs like dei etter Tunguska-hendinga i 1908. Prøvar av snø og vatn vart analyserte og ein fann unormalt store mengder tritium, samt radioaktive isotopar av kobolt og cesium.

Basert på funna indikerte V.A. Tsjernobrov at årsaka kunne vere skapt av ei kometkjerne med ein diameter på 50 til 100 meter.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 58°16′16″N 113°27′13″E