Vitlycke museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vitlycke museum. Museumsbygningen.
Rekonstruerte hus frå eldre bronsealder.

Vitlycke museum er eit museum og informasjonssenter i helleristingsområdet i Tanum i Bohuslän i Sverige.

Museet har opphav i det Hällristningsinstitutet i Tanum som vart skipa i 1976 som eit samarbeidsprosjekt mellom Bohusläns museum, Riksantikvarieämbetet, Uppsala universitet og Tanums kommun. Meininga var å sameine eit forskingsinstitutt med eit museum for ållmenta. Med tida skifta instituttet namn til Hällristningsmuseet i Tanum, med utstillingar, kafé, og frå 1986 jamvel ein rekonstruert gard frå bronsealderen. I 1996 vart det gamle museumsbygget rive for å gje plass til det nye Vitlycke museum, som stod ferdig i 1998. Museumsbygningen er teikna av Carl Nyréns Arkitektkontor, og finansiert av Bohuslandstinget, Bohusläns museum, Boverket, Länsarbetsnämnden i Västra Götaland, Länsstyrelsen i Västra Götaland og Tanums kommun.

Nordre Bohuslän er det distriktet i Sverige som har den rikaste førekomsten av helleristingar. Det fremste området ligg i Tanums socken, med Vitlyckehällen som den mest kjende lokaliteten. Helleristingane er tidfesta til bronsealderen og eldre jarnalder, med særs mange frå den siste halvparten av bronsealderen og byrjinga av jarnalderen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vitlycke museum