Vitrinitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vitrinitt er eit omdanningsprodukt av vedmateriale som utgjer ein dominerande komponent i steinkol, og som dessutan finst som finfordelte partiklar i sediment. Omdanninga (innkolinga) skjer under påverknad av jordvarmen og fører til gradvis auke i evna vitrinitten har til å reflektere lys, frå under 0,5 til ca 5 % refleksjon. Vitrinittrefleksjonsmåling er eit sentralt hjelpemiddel i rutinemessige undersøkingar av jordvarmepåverknaden i sediment i samband med oljeleiting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]