Vivian Zahl Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vivian Zahl Olsen
Fødd 24. januar 1942
Asker
Yrke illustratør, grafikar

Vivian Zahl Olsen (fødd 24. januar 1942 i Asker) er ein norsk teiknar, grafikar og illustratør.

Olsen er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. Ho har illustrert fleire skulebøker, forteljingsbøker og biletbøker, mellom anna Flode alene av Trond Viggo Torgersen og Fru Pigalopp av Bjørn Rønningen. Ho har òg teikna for mange seriar barne-TV og laga dekorasjonar og animasjonsfilmar. I fleire år stod ho for illustrasjonane i medlemsbladet til Framtiden i våre hender, Ny livsstil.

Zahl Olsen har motteke fleire prisar både i Noreg og utlandet, mellom anna Jacob-prisen i 1980 og Cappelenprisen i 1981.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]