Vivianitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vivianitt
Vivianite Foote Mine.jpg
Vivianitt frå Foote-gruva i Nord-Carolina
Generelt
Kategori Fosfatmineral
Vivianittgroup
Kjemisk formel Fe3(PO4)2· 8H2O
Strunz-klassifisering 8.CE.40
7/C.13-40 (8 ed)
Dana-klassifisering 40.3.6.1
Krystallsymmetri Monoklin 2/m
Einingscelle a = 10.086 Å, b = 13.441 Å, c = 4.703 Å; β = 104.27°; Z = 2
Identifikasjon
Molekylvekt 501.61 g
Farge fargelaus, særs bleik grøn, vert mørkeblå, mørk grønaktig blå, indigo-blå, så svart med oksidasjon
Krystallform Flattrykt, langstrekte prismatisk krystallar, kan vere avrunda eller korrodert; som stjerneforma grupper, skorper, konkresjonar, jordaktig eller pulveraktig
Krystallsystem Monoklin prismatisk 2/m
Tvilling Translasjonsglidande
Kløyv perfekt på {010}
Brot trådaktig
Fastleik Fleksibel, kan skjerast
Mohs hardleiksskala 1.5-2
Glans Glasaktig, perleaktig på kløyv, matt når jordaktig
Strekfarge Kvit, endrar til mørk blå, brun
Transparens Gjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt 2.68
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Toaksa (+)
Brytingsindeks nα = 1.579 - 1.616, nβ = 1.602 - 1.656, nγ = 1.629 - 1.675
Dobbeltbryting δ = 0.050 - 0.059
Pleokroisme Synleg; X = blå, mørkeblå, Indigoblå; Y = bleik gulaktig grøn, bleik blågrøn, gul-grøn; Z = bleik gulaktig grøn, olivengul
2V-vinkel Målt: 63° til 83.5°, Utrekna: 78° til 88°
Dispersjon (spreiing) r < v, svak
Ultrafiolett fluorescens Ikkje fluorescerande
Smeltepunkt 1114°
Oppløyselegheit Lett oppløyseleg i syrer
Endrar seg til Metavivianitt

Vivianitt er eit mineral som består av eit vasshaldig jernfosfat, Fe3(PO4)2· 8H2O. Det krystalliserer monoklint, isomorft med dei tilsvarande nikkel- og koboltsambindingane (annabergitt og erythrin). Mineralet er fargelaust i frisk tilstand, men blir raskt blått til grønleg i lufta pga delvis oksidasjon av jernet. Det vert ofte danna i jordbotnen, særleg omkring organiske restar. Det er funne som små knollar i leirlag einskilde stader i Sør-Noreg, vidare som belegg på gjenstandar av jern og bein funne i jorda (mellom anna Raknehaugen, Osebergskipet og Bryggen i Bergen). Jordaktig vivianitt blir kalla blåjord.

Det vart namngjeve av Abraham Gottlob Werner i 1817, året etter han døydde, etter John Henry Vivian (1785–1855), ein walisisk-kornisk politikar, gruveeigar og mineralog som budde i Truro i Cornwall i England.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]