Vjatsjeslav Ivanenko
Utsjånad
| Vjatsjeslav Ivanenko | |
| Statsborgarskap | Sovjetunionen |
| Fødd | 3. mars 1961 (65 år) Kemerovo |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1988 |
| Utmerkingar | Hedret mester i idrett av Sovjetunionen |
Vjatsjeslav Ivanovitsj Ivanenko (fødd 3. mars 1961) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Kemerovo som i 1988 vart olympisk meister i 50 km kappgang som representant for Sovjetunionen.
Ivanenko tok sølvmedaljen på 50 km ved EM 1986 i Stuttgart, 59 sekundar bak Hartwig Gauder frå Aust-Tyskland. Året etter tok han bronsemedaljen på same distansen under verdsmeisterskapen i Roma, over tre minuttar bak verdsmeister Gauder og to-og-eit-halvt minutt bakom sølvvinnar Ronald Weigel. Under Sommar-OL 1988 i Seoul makta Ivanenko å vinne gullmedaljen på 50-kilometeren, med sitt livs bestetid på 3.38.29 viste han dei same to austtyskarane Weigel og Gauder til sølv- og bronseplass.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wjatscheslaw Iwanowitsch Iwanenko» frå Wikipedia på tysk, den 5. august 2018.