Vjatsjeslav Vedenin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vjatsjeslav Vedenin


Verkeleg namn Вячесла́в Петро́вич Веде́нин
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 1. oktober 1941
Sloboda i Dubenskij-distriktet i Tula oblast
Død

22. oktober 2021 (80 år)

Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968, Ski-VM 1966, Ski-VM 1970

Utmerkingar

Leninordenen, Arbeidets røde fanes orden, Idrettens mester i Sovjetunionen, Aleksander Nevskij-ordenen

Vjatsjeslav Petrovitsj Vedenin (1. oktober 194122. oktober 2021) var ein sovjet-russisk tidlegare langrennar som tevla internasjonalt frå 1966 til 1972. Han vart verdsmeister på 30 km under VM i Štrbské pleso i 1970 og vart olympiameister på same distansen to år seinare. Under dei nemnde meisterskapane gjekk han sisteetappen på begge Sovjets gullvinnande stafettlag (4x10 km). Vedenin vann dessutan sølvmedaljane på OL-femmila i 1968 og VM-femmila i 1970 og bronsemedaljen på femmila under OL i 1972.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1966: Nr 6 på femmila og nr 8 på 15 km under VM i Oslo.
  • 1968: Sølvmedalje på femmila i OL i Grenoble, nr 6 på femmila i Lahti.
  • 1969: Vinnar av femmila og nr 2 på 15 km i Lahti.
  • 1970: Gullmedalje på tremila og sølvmedalje på femmila i VM i Strbske Pleso.
  • 1971: Nr 2 på femmila i Lahti og nr 4 på tremila i Falun.
  • 1972: Gullmedalje på tremila og bronsemedalje på femmila under OL i Sapporo. Nr 3 på tremila i Lycksele i Svenska skidspelen.

Verdsmeister på 4x10 km stafett i 1970, og olympisk meister i same i 1972.

Vedenin vart tildelt Leninordenen i 1972.