Vjatsjeslav Voronin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vjatsjeslav Voronin
Statsborgarskap Russland
Fødd 5. april 1974 (49 år)
Vladikavkaz
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Vjatsjeslav Voronin (fødd 5. april 1974) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i høgdehopp. Han vart verdsmeister i øvinga i 1999 og tok VM-sølv i 2001. Hans personbeste er 2,40 m og frå 2000.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Voronin vart russisk meister i høgdehopp i 1999. Same sesongen vann han gullmedaljen i øvinga under friidretts-VM 1999 i Sevilla, ved å hoppe over 2,37 m som den einaste utøvaren, kanadiske Mark Boswell tok sølv med 2,35 m og Martin Buß frå Tyskland fekk bronsen på 2,32 m.

Ved innandørs-EM 2000 i Gent vann Voronin høgdeøvinga med eit hopp 2,34 m, same høgda klarde dei andre medaljevinnarane; Martin Buß og serbaren Dragutin Topić, desse to etter fleire forsøk enn Voronin. Den 5. august 2000 sette han russisk rekord med 2,40 m i London, verdsbeste for året. Dermed var han i det absolutte favorittsjiktet før sommarleikane i Sydney. I OL-tevlinga kom han ikkje høgre enn 2,29 m og vart nummer ti, landsmannen Sergej Kljugin vart olympiameister med 2,35 m.

Under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton lukkast Voronin å vinne ein gullmedalje på eit såpass ordinært resultat som 2,33 m, ein siger han delte med landsmannen Jaroslav Rybakov.

Etter to svakare sesongar var Voronin i 2004 atter god for høgder over 2,30 m. I dei olympiske leikane 2004 i Aten stoppa han på akkurat same høgda som i førre OL, 2,29 m, og vart nummer ni.

I 2005 vart Voronin russisk meister i høgdehopp for andre gong. Under verdsmeisterskapen 2005 i Helsingfors stoppa han endå ein gong på 2,29 m i ein stor meisterskap. Tevlinga fann stad i regn og 2,29 m var nok til å vinne sølv, men Voronin hadde flest forsøk av alle som tok seg over høgda og vart dermed åttandemann i tevlinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]