Hopp til innhald

Vjosa Osmani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vjosa Osmani

Fødd17. mai 1982 (42 år)
Mitrovica
Statsborgar avKosovo
Yrkejurist, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Priština
University of Pittsburgh School of Law
Alle verv
  • medlem av Kosovos nasjonalforsamling (2010–2021)
  • President i Kosovos nasjonalforsamling (2020–2021)
  • Kosovos president (fungerende president, 2020–2021)
  • Kosovos president (2021–) Sjå dette på Wikidata

Vjosa Osmani-Sadriu (fødd 17. mai 1982 i Mitrovica) er ein kosovisk jurist og politikar som 4. april 2021 blei vald til president i Kosovo. Før dette var ho president i den kosoviske nasjonalforsamlinga, og i kraft av dette vervet var ho fungerande president i Kosovo frå 5. november 2020. Ho er professor i juss ved Universitetet i Priština og gjesteprofessor ved Universitetet i Pittsburgh. Ho tilhøyrde det sentrum-høgreorienterte partiet Lidhja Demokratike e Kosovës (LKD) og var statsministerkandidat for partiet ved parlamentsvalet i Kosovo i 2019.[1] Før presidentvalet i 2021 braut ho ut av LDK og stifta partiet Guxo (‘tør!’) som stilte felles valliste med sentrum-venstrepartiet Vetëvendosje.[2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Osmani-Sadriu er fødd 17. mai 1982 i Mitrovica i det dåverande Jugoslavia og seinare del av Kosovo. Ho har mastergrad og doktorgrad i juss frå Universitetet i Priština og har undervist i internasjonal rett og statsrett både i Priština og ved Universitetet i Pittsburgh. Ho er leiar for utanrikskomitéen til nasjonalforsamlinga og har også hatt leiarverv i andre komitéar. I tillegg til morsmålet snakkar ho engelsk, tyrkisk, spansk og serbisk, og ho har gjeve ut ei rekkje bøker innanfor sitt juridiske fagfelt.

Osmani er gift og har to barn.[1]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

27. august 2009 blei Osmani utnemnd til stabsleiar for president Fatmir Sejdiu. I 2019 blei ho vald inn til sin tredje periode i nasjonalforsamlinga. Politisk er ho kjend for sitt engasjement for sjølvstendet til Kosovo.[1]

I 2019 var Osmani statsministerkandidat for partiet sitt Lidhja Demokratike e Kosovës og ho meinte landet var modent for ein kvinneleg statsminister. I valkampen la ho vekt på å kjempe imot korrupsjon og å fremje marknadsreformar.[3][4]

Den 4. april 2021 valde nasjonalforsamlinga Osmani som landets president. Valet av Osmani var lenge truga av ein boikott i parlamentet. Til slutt blei ho likevel vald av 71 av 120 medlemmar i parlamentet. 82 medlemmar var til stades under avrøystinga og 11 av dei gav ugyldige røyster.[5][6]

Ved valet av Osmani hadde Kosovo stått utan president sidan 2020, då Hashim Thaçi blei tiltalt for krigsbrotsverk. Osmani vikarierte i vervet i kraft av å vere president i nasjonalforsamlinga.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Vjosa Osmani, femra e parë si kandidate për kryeministre, e diplomuar në SHBA». Vlora News. 25. august 2019. 
  2. «Këta janë 7 deputetët e listës "Guxo" të Vjosa Osmanit». Gazeta Blic (på al). 4. mars 2021. Arkivert frå originalen 28. mars 2021. Henta 11. mai 2021. 
  3. «Kosovo to Elect New Parliament Amid Anger Over Graft, Unemployment». Reuters. 1. oktober 2019. 
  4. Maja Zivanovic; Perparim Isufi (7. oktober 2019). «Opposition Vetevendosje Party Triumphs in Kosovo Election». Balkan Insight. 
  5. «Kosovo's Parliament Elects Reformist Lawyer Osmani As President». RadioFreeEurope/RadioLiberty (på engelsk). Henta 5. april 2021. 
  6. 6,0 6,1 SPIEGEL, DER. «Kosovo: Vjosa Osmani zur Präsidentin gewählt». www.spiegel.de (på tysk). Henta 5. april 2021.