Vladikavkaz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vladikavkaz
Владикавказ
View of Vladikavkaz.jpg
Byvåpenet til Vladikavkaz
Byvåpenet til Vladikavkaz


Plassering
Vladikavkaz is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Nord-Ossetia
Grunnlagd
Bystatus
1784
1860
Borgarmeister Vitalij Karajev
Geografi
Flatevidd
 - By

220 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

313 800
  1 426,4 /km²
Koordinatar 43°01′0″N 44°41′0″EKoordinatar: 43°01′0″N 44°41′0″E
Høgd over havet 680 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 90401
Retningsnummer (tlf) (+7)8672

Vladikavkaz (russisk Владикавка́з, ossetisk Дзæуджыхъæу, Dzæudjyqæu) er hovudstad i den russiske republikken Nord-Ossetia. Byen ligg ved elva Terek søraust i republikken ved foten av Kaukasus. I 2207 hadde byen om lag 310 000 innbyggjarar, flest ossetarar, men med mange russarar, armenarar og georgiarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd i 1784 som ei festning i den russiske erobringa av Kaukasia og var i mange år hovudbasen til russarane i regionen. Vladikavkaz har ei strategisk viktig plassering i Kaukasus fordi han ligg ved det viktigaste passet gjennom fjellkjeda. Vegen gjennom Darialpasset vart bygt i 1799 og vert kalla «Den georgiske fjellvegen». Vegen var viktig fordi han gav russarane kontakt med landa i Transkaukasus, særleg Georgia og Armenia. I 1875 vart det bygd jernbane som knytte byen til Rostov-na-Donu og Baku. Vladikavkaz vart tidleg og er framleis eit viktig regionalt industrisenter, med smelteverk, raffineri, kjemisk industri og annan industri.

Frå 1931 til 1944 og 1954 til 1990 heitte byen Ordzjonikidze (russisk Орджоники́дзе) (etter Sergo Ordzjonikidze, ei georgisk bolsjevik) og frå 1944 til 1954 hadde byen namnet Dzaudzjikau (russisk Дзауджика́у). Like før Sovjetunionen fall fekk Vladikavkaz det gamle namnet tilbake, som tyder «herskar av Kaukasus»

Det vart kjempa om Vladikavkaz i den russiske borgarkrigen og den andre verdskrigen. I februar 1919 erobra den antikommunistiske hæren av frivillige byen, men han vart gjenerobra av den raude arméen i mars 1920. Hausten 1942 prøvde tyskarane å ta byen, men vart slått tilbake. Dette markerte det austlegaste punktet tyskarane kom under Operasjon Barbarossa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vladikavkaz