Vladimír Šmicer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimír Šmicer

Vladimír Šmicer (fødd 24. mai 1973) er ein tsjekkisk tidlegare fotballspelar frå Děčín. Han vann EM-sølv med Tsjekkia sitt landslag i 1996 og vann Meisterligaen 2005 for Liverpool FC.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Šmicer spelte på Slavia Praha frå 1992 til -96, der han avslutta med å verte seriemeister. Sommaren 1996 vart han overført til Lens og fransk seriefotball. Med Lens vart han fransk seriemeister i 1998 og nasjonal cupvinnar 1999. Deretter var han Liverpool-spelar i seks sesongar. Skadar og anna gjorde at han ofte gjekk inn og ut av fyrsteellevaren. Šmicer kom inn som innbyttar då Liverpool FC sensasjonelt snudde frå 0-3 til 3-3 under meisterligafinalen mot AC Milan i Istanbul 25. mai 2005. Han skåra Liverpools andre mål i ordinær tid, og han fann vegen til nettmauskane i straffesparktevlinga som enda med Liverpool-triumf. Finalekampen var Šmicers siste i Liverpool-trøya. Sidan var han aktiv 2005-07 i Girondins Bordeaux, før han avslutta i heimlege Slavia Praha i 2009.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Vengspelaren Šmicer fekk ein einsleg landslagsdebut hausten 1993. Deretter gjekk det to år til neste landskamp. Frå 16. november 1995 til 15. november 2005 hadde han tilnærma fast plass i Tsjekkia sitt landslag og spelte nye 80 landskampar. På sine 81 landslagsoppdrag skåra han 27 mål. Šmicer var innbyttar då Tsjekkia tapte EM-finalen 1996 mot Tyskland på «golden goal». Han deltok både i EM 2000 og EM 2004. Šmicer sine to siste landskampar enda med to gonger 1-0 over Noreg, fyrst i Oslo, og fire dagar seinare, i Praha.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]