Vladimír Růžička

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vladimír Růžička (fødd 6. juni 1963) er ein tsjekkisk tidlegare ishockeyspelar og seinare -trenar frå Most. Han vart i 1985 verdsmeister med Tsjekkoslovakia og i 1998 olympisk meister med Tsjekkia.

Vladimír Růžička (i raudt) og Tsjekkias ishockeylandslag i 2010

Høgrevengen Růžička var sentral på Tsjekkoslovakia sitt ishockeylandslag i tida 1983-89. Han var med å vinne VM-sølv i 1983 og i 1985 VM-gull på heimebane. Elles sikra han seg ein OL-bronse i 1984 og to VM-bronsar (1987-89). Etter ti sesongar i tsjekkoslovakisk toppserie, åtte av dei HC Litvinov, reiste han vinteren 1989/90 til Nord-Amerika. Perioden 1990-94 gjorde han tenestes i tre klubbar i National Hockey League, lengste tida i Boston Bruins. Frå hausten 1994 til han la opp i 2000 var han aktiv i Slavia Praha i heimlandet Tsjekkia. Under Vinter-OL 1998 i Nagano gjorde Růžička comeback og var med å føre Tsjekkia sitt ishockeylandslag til landets hittil einaste OL-triumf.

Růžička var landslagssjef då Tsjekkia vann Ishockey-VM 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]