Vladimir Artjomov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimir Artjomov
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 7. desember 1964 (59 år)
Vladimir
Idrett turn
Tok del i

gymnastics at the 1988 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – men's floor, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – men's parallel bars

Utmerkingar

Ærestegnets orden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Vladimir Nikolajevitsj Artjomov (fødd 7. desember 1964) er ein russisk tidlegare turnar frå Vladimir som representerte Sovjetunionen. Han vart olympisk meister i 1988 og vann elles tre gull i enkeltøvingar og lagkampen. Artjomov vert rekna som ein av dei aller beste skranke-turnarane nokon gong. Han utvandra til USA i 1990.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Artjomov var med på Sovjetunionen sitt landslag frå 1983 til 1989. I Turn-VM 1983 i Budapest vann han gull i skranke. To år seinare vart han andremann i mangekampen ved VM i Montreal, landsmannen Jurij Koroljov vart verdsmeister. I Rotterdam i 1987 vann Artjomov på ny gull i skranke i verdsmeisterskapen.

Under dei olympiske sommarleikane 1988 i Seoul vann Artjomov gull i mangekamp, skranke, svingstang og i lagtevlinga, i frittståande fekk han sølv. I sin siste verdsmeisterskap, i 1989 i Stuttgart, vart han for tredje gong verdsmeister i skranke. Individuelt henta han også sølv i svingstong og frittståande, medan det vart bronse i hopp. Åra 1985, 1987 and 1989 var han med i dei sovjetiske mannskapa som vann VM-gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]