Vladimir Jugović

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vladimir Jugović
Personleg informasjon
Fullt namn Vladimir Jugović
Fødd 30. august 1969 (50 år)
Fødestad Milutovac i Jugoslavia (no Serbia)
Høgd 179 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1989-1992 Raude Stjerne 62 (11)
1992Rad (lån) 16 (7)
1992-1995 Sampdoria 81 (18)
1995-1997 Juventus 56 (8)
1997-1998 Lazio 27 (2)
1998-1999 Atlético Madrid 17 (3)
1999-2001 Inter 38 (3)
2001-2003 Monaco 19 (0)
2003-2004 Admira Wacker 25 (3)
2004-2005 Ahlen 19 (2)
Totalt 360 (57)
Landslag
1991-2002 Jugoslavia 41 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Vladimir Jugović (fødd 30. august 1969) er ein tidlegare serbisk fotballspelar frå Milutovac. Han spelte 41 landskampar for Jugoslavia og skåra tre mål. Han spelte for Raude Stjerne, Sampdoria, Juventus, Lazio, Atlético Madrid, Inter og Monaco. På klubbnivå vann han seriemeisterskapen tre år i råd frå 1989-92 med Raude Stjerne han vann også Europacupen med klubben i 1991 og intercontinentaalcupen same året. Med Sampdoria vann han den italienske cupen i 1993. Med Juventus vann han seriemeisterskapen i 1997, Meisterligaen i 1996 og Intercontinentalcupen det same året. Med Lazio vann han den italienske cupen i 1998 og med Monaco vann han Coupe de la Ligue i 2003. Han spelte for Jugoslavia i VM i 1998 og EM i 2000.