Vladimir Kuts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vladimir Kuts
Vladimir Kuts 2000 Russia stamp.jpg
Vladimir Kuts på eit russisk frimerke frå 2000
Fødd 7. februar 1927
Oleksine
Død

16. august 1975
Moskva

Yrke langdistanseløpar, friidrettstrener, friidrettsutøvar
Vladimir Kuts på Commons

Vladimir Petrovitsj Kuts[a] (7. februar 192716. august 1975) var ein sovjetisk langdistanseløpar fødd i Aleksino i Ukraina i det dåverande Sovjetsamveldet. Han vart olympisk meister på 5000 m og 10 000 meter i 1956, og europameister på 5000 m i 1954.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kuts vart sovjetisk meister på 5000 m og 10000 m i 1951, prestasjonar som han gjentok i åra 1953–56.

I 1954 slo han dei største favorittane, Emil Zátopek og briten Chris Chataway, på 5000 meter i europameisterskapen i Bern. Og sette samstundes verdsrekord på distansen med 13.56,6. Ein månad seinare forbetra Chataway verdsrekorden på distansen, før Kuts berre 10 dagar etter sette enno ein ny verdsrekord på 5000 m.

Kuts forbetra sin eigen verdsrekord til 13.46,8 under eit stemne i Beograd i september 1955. Kort tid før dei olympiske leikane i Melbourne kring månadskiftet november/desember 1956 sette Kuts ny verdsrekord på 10 000 m med 28.30,4.

Under Melbourne-leikane tok Kuts som alltid leiinga på 10 000 m, og sprengde briten Gordon Pirie fire rundar før mål. Han gjorde då eit rykk og kom seg fri Pirie, og vann med stor margin. Pirie, verdsrekordhaldar på 5000 m, var Kuts sterkaste konkurrent også på den distansen. Finalen på 5000 meter, som gjekk fem dagar etter 10 000-meteren, vart mykje lik. Kuts leia frå start til mål og vann med 11 sekundar til gode på Pirie.

I 1957 forbetra Kuts verdsrekorden på 5000 m til 13.35,0 under ein landskamp i Roma. Denne rekorden vart ståande i åtte år, det vart Ron Clarke frå Australia som sletta rekorden..

Kuts la opp i 1959. Han hadde ofte vore plaga av magesmertar og sleit med å trene godt. Etter han slutta som aktiv arbeidde han som friidrettstrenar. Magesmertar leia til alkoholisme og han fekk sparken frå jobben. Han vart råka av eit hjarteinfarkt i 1972 og døydde i 1975, rimelegvis eit sjølvmord basert på sovetablettar og alkohol.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Владимир Петрович Куц

Kjelder[endre | endre wikiteksten]