Vladimir Kuzin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimir Kuzin
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 15. juli 1930
Lampozjnja
Død

5. oktober 2007 (77 år)
Moskva

Yrke langrennsløpar
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti

Vladimir Semjonovitsj Kuzin (russisk Владимир Семёнович Кузин) (15. juli 19305. oktober 2007) frå Lampozjnja i Arkhangelsk oblast var ein russisk langrennsløpar som representerte Sovjetunionen. Han vart verdsmeister både på tremila og femmila under Ski-VM 1954 i Falun. Under OL 1956 i Cortina d'Ampezzo gjekk han på fjerdeetappen Sovjetunionen inn til olympisk gull på 4x10 km stafett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Langrennsløparar frå Sovjetunionen hadde ikkje tevla mot nordiske utøvarar før verdsmeisterskapen i Falun i februar 1954. På opningsdistansen tok finske langrennarar alle tre medaljane, med Sovjets Fedor Terentjev på fjeredeplass og Vladimir Kuzin på 10. plass. To dagar seinare gjekk Kuzin heilt til topps på 30 km, med tida 1.50.25 slo han verdsmeisteren frå 15 km, Veikko Hakulinen, med 26 sekundar. Nye to dagar seinare, og det var endå tettare mellom dei to. Men enno ein gong gjekk Kuzin ut som sigerherre, på tida 3.02.58, medan Hakulinen kom i mål på 3.03.06. På 4x10 km gjekk dei to løparane ankeretappane for sine respektive nasjonar, men her såg Kuzin aldri noko til Hakulinen som gjekk Finland inn til gullmedalje, Sovjet på sølvplassen var over to minuttar bak.

Også under vinter-OL 1956 gjekk Kuzin ankeretappen for Sovjetunionen, og Hakulinen for Finland. Då var rollene omsnudd, Sovjet vann gull eitt minutt føre Finland. Saman med Kuzin gjekk Fedor Terentjev, Pavel Koltsjin og Nikolaj Anikin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]