Vladimir Melanjin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vladimir Melanjin
RUSMARKA-1753.jpg
Vladimir Melanjin på russisk frimerke frå 2013
Fødd 1. desember 1933
Sovetsky District
Død

10. august 1994
Kirov

Yrke skiskyttar
Vladimir Melanjin på Commons

Vladimir Mikhailovitsj Melanjin[1] (1. desember 193310. august 1994) var ein sovjet-russisk skiskyttar frå Balyik i Kirov oblast i Russland. Han vart verdsmeister i skiskyting i 1959, 1962 og 1963, samt olympisk meister for Sovjetunionen i 1964 i Innsbruck.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Melanjin vart den andre verdmeisteren i skiskyting då han i Courmayeur i 1959 vann den einaste øvinga i meisterskapen. Året etter vart han nummer fire dei olympiske leikane i Squaw Valley. Både i 1962 og 1963 vart han verdsmeister, begge gongane framom finske Antti Tyrväinen. 1963-meisterskapen gjekk elles i Seefeld i Austerrike, der Melanjin året etter var tilbake og vann ein suveren gullmedalje under dei olympiske vinterleikane 1964. Han trefte då på alle 20 skota og slo landsmannen, sølvvinnaren Aleksandr Privalov med over tre minuttar, nordmannen Olav Jordet tok bronsen. I 1965 var Melanjin sjølvskriven på Sovjetunionen sitt firemannslag til den fyrste stafetten i eit VM i skiskyting. Saman med Valentin Psjenitsyn, Aleksandr Privalov og Nikolaj Puzanov kom han på bronseplass; Noreg vann stafett-tevlinga framom Sverige.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • russisk: Владимир Михайлович Меланьин