Vladimir Nabokov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av Nabokov i Montreux.

Vladimir Vladimirovitsj Nabokov[1] (22. april 18992. juli 1977) var ein russisk-amerikansk fleirspråkleg forfattar, omsetjar og akademikar. Nabokov skreiv sine første ni romanar på russisk før han gjekk over til å skriva meisterleg engelsk, mellom anna det best kjende verket sitt, Lolita frå 1955. Nabokov var også entomolog og interesserte seg for problemsjakk.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Fødestaden til Nabokov.
Rozjdestveno

Vladimir Nabokov var fødd den 10. april etter den julianske kalenderen, 22. april ifølge den gregorianske som Russland tok i bruk seinare det året han blei fødd. Han var den eldste av fem barn i ein framståande familie i St. Petersburg. Faren, Vladimir Dmitrijevitsj Nabokov, var ein liberal advokat, journalist og politikar i Kadettpartiet. Gjennom mora Elena Ivanovna Rukavisjnikova var han knytt til landeigedommen Rozjdestveno, som han arva etter onkelen sin i 1916 (og miste gjennom den russiske revolusjonen året etter). I sjølvbiografien Speak, Memory skildrar Nabokov ein privilegert, «perfekt» barndom delt mellom hovudstaden og landeigedomen Vira nær Siverskij, sør for byen. Familien tala engelsk, fransk og russisk heime, og Vladimir var tidleg trespråkleg. Nabokov gav ut to diktsamlingar, 'Dikt' i 1916 og 'To vegar' i 1918.

Eksil[endre | endre wikiteksten]

Etter Februrarrevolusjonen i 1917 flykta familien frå St. Petersburg til Krimhalvøya, der faren arbeidde for den provisoriske russiske regjeringa. Året etter drog dei i eksil til Vest-Europa, med det siste skipet frå Sevastopol. Dei budde ei tid i Cambridge, der Nabokov studerte ved Trinity College, først zoologi og seinare fransk og russisk litteratur, med framifrå resultat. Nabokov fortsette også å skriva dikt, noko på engelsk men framleis mest på russisk. Han gav ut to nye diktsamlingar i 1923.

Sommarfuglar fanga av Nabokov og tileignar kona.

Familien Nabokov slo seg ned i Berlin i 1920. I mars 1922 blei Vladimir Nabokov den eldre drepen av russiske monarkistar medan han prøvde å verna målet for attentatet deira, Pavel Miljukov. Også i 1922 trulova Nabokov seg med Svetlana Siewert, men trulovinga blei broten av familien hennar ettersom han ikkje hadde fast arbeid. I mai 1923 møtte han Véra Slonim, som han blei gift med i april 1925. Dei fekk ein son, Dmitri, i 1934. I tillegg til dikt tok Nabokov no til å prøva seg på skodespel og filmmanus, før han valde prosa som hovudform rundt 1925. Første romanen hans, Masjenka, kom ut i 1926. Bøkene til Nabokov kom ut under psevdonymet B. eller V[ladimir] Sirin og blei selde i små opplag. Nabokov tente nok pengar til å leva og reisa rundt på sommarfulgsanking gjennom å gje timar i tennis, russisk og engelsk, og ved å spela birollar i filmar. Kona jobba som omsetjar.

Den tyske antisemittismen førte til at Vera, som var jødisk, mista jobben i 1936. Same året fekk mannen som hadde drepe fa til Nabokov ei leiande stilling i den russiske emigrantgruppa. Nabokov tok til å sjå seg om etter arbeid i den engelskspråklege verda. I 1937 drog Nabokov til Frankrike, der han hadde eit kort tilhøve til Irina Guadanini, før familien kom etter. Dei vitja Praha og fleire byar i Frankrike, før dei flykta frå tyske invasjonsstyrker i 1940 om bord «Champlain», til USA.

USA[endre | endre wikiteksten]

Den vesle familien kom først til Manhattan i New York, der Vladimir Nabokov fekk arbeid ved American Museum of Natural History. Han blei kjend med Edmund Wilson, som hjelpte han med å bli utgjeven også i USA. Den første romanen til Nabokov skriven på engelsk, The Real Life of Sebastian Knight, kom ut i 1941. Same året blei han tilsett ved Wellesley College i Massachusetts som lecturer i samanliknande litteratur. Stillinga var skreddarsydd for han, og gav han fritid og pengar nok til å kunne skriva og studera sommarfuglar. Nabokov grunnla sitt eige russisk-fakultet, og førelas underhaldande om russiske forfattarar, både ved Wellesley og på ein USA-turné. Han arbeidde også ved Museum of Comparative Zoology i Cambridge i Massachusetts. I 1945 fekk han amerikansk statsborgarskap. Gjennom eit veksande vennskap med Morris Bishop kom Nabokov til Cornell University i Ithaca i New York.

Under reisene vest i USA for å samla sommarfuglar, med Vera som sjåfør, skreiv Vladimir Nabokov romanen Lolita. Ho stoppa han då han ville brenna manuskriptet. Sommaren 1953, medan familien leigde eit hus av ein professor i Oregon, fullførte han Lolita og byrja på den neste romanen sin, Pnin.

Hotel Palace i Montreux, med statue av Nabokov utanfor.

Montreux[endre | endre wikiteksten]

Den store suksessen til Lolita gjorde at Nabokov kunne trekka seg tilbake frå yrkeslivet og skriva. Etter at Dmitri Nabokov fekk ei stilling som bassongar ved operaen i Reggio Emilia, slo familien seg ned ved Hotel Palace i Montreux i 1961, der dei blei verande livet ut.

Grava til Vladimir og Vera Nabokov.

I Montreux kunne Nabokov konsentrera seg om skrivinga i behagelege, uforstyrrande omgjevnader. Heile familien deltok også i omsetjing og forvalting av tidlegare verk. Siste verket hans blei skissert på kartotekkort, men ikkje fullført. På dødsleiet bad Nabokov familien om å øydelegga verket, men dette blei ikkje gjort. Etter å ha lege i eit bankhvelv i tretti år, blei The Original of Laura i staden gjeve ut posthumt i 2009.

Insektforskar[endre | endre wikiteksten]

Medan Nabokov er best kjend som forfattar, var han også ein respektert entomolog og gav ut vitskaplege artiklar. Han organiserte sommarfuglsamlinga ved Harvard University, studerte blåvengjer (Polyommatini), og identifiserte fleire slekter og arten Karner blue (Lycaeides melissa samuelis). Slekta Nabokovia og fleire møllartar er kalla opp etter han.

Andre trekk[endre | endre wikiteksten]

Nabokov interesserte seg for problemsjakk, som han såg på som ei kunstform. Han brukte mykje tid på å konstruera problem, og gav ut fleire. Romanen The Defense har sjakk som eit gjennomgåande tema.

Nabokov hadde synestesi, der han såg bokstavar som fargar, ein evne han delte med kona og sonen. I fleire av verka hans dukker eigenskapen opp, i bakgrunnen eller hos enkeltpersonar.

Nabokov eigde aldri nokon eigedom anna enn Rozjdestveno, men budde i ulike leigde hus og hotell. Han meinte den viktigaste grunnen til dette valet var at ingenting kunne skapa oppatt barndomsheimen hans.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Samizdat-kopiar av Nabokov-verk, som blei lesne ulovleg i Sovjetunionen før glasnost-tida.

Fleire av verka til Nabokov tek opp kunst gjennom figurlege forteljingar. Slik kan ein mellom anna lesa The Defense (som i overflata tek opp sjakk), Despair (mord) og Invitation to a Beheading (politikk).

Nabokov brukte ulik leik med bokstavar, ord og struktur som verkemiddel. Pale Fire (1962), ein roman skriven som eit langt dikt der historia blir fortald i kommentarar diktet. Ada (1969) er ein parodi på ei slektssoge, skrive på tre språk—russisk, engelsk og fransk.

Synet på Nabokov har variert mykje. Han er blitt lovprist for intrikat språkføring og meisterleg oppbygging, og ofte kalla ein «stor» forfattar. Samstundes er han blitt skulda for ikkje å skriva om noko, men for å laga «steril» litteratur med for stor vekt på verkemiddle. Han er også blitt rekna for å vera elitistisk og snobbete.

Under tida i Paris på 1920- og 1930-talet var han sett på som ein av dei fremste dåverande forfattarane i russisk litteratur. Frå han gjekk over til å skriva engelsk voks omdømet hans også i den engelskspråklege verda, fram til den verdskjende romanen Lolita.

Som ein «kvit russar» og utvandrar, sett på som ein «litterær snobb», var verka til Nabokov forbodne i Sovjetunionen fram til 1986. Han var også lite omtykt av mange venstreorienterte kritikarar i Vesten.

Nabokov har påverka ei rekkje forfattarar, som Martin Amis, John Updike, John Banville, Don DeLillo, Salman Rushdie, Edmund White og Thomas Pynchon, som høyrde han førelesa ved Cornell. Seinare forfattarar som Michael Chabon, Jeffrey Eugenides, Jhumpa Lahiri, Marisha Pessl, Zadie Smith, Ki Longfellow og Maxim D. Shrayer har også nemnd påverknad frå Nabokov.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Russiske verk[endre | endre wikiteksten]

Romanar

  • 1926: Mašen'ka/Машенька (på engelsk 1970 som Mary; filmatisert 1987 dom Maschenka)
  • 1928: Korol', dama, valet / Король, дама, валет (på engelsk 1968 som King, Queen, Knave, filmatisert 1972)
  • 1930: Zaščita Lužina / Защита Лужина, under psevdonymet V. Sirin (på norsk 1970 som Forsvaret; filmatisert 2000 som The Luzhin Defence)
  • 1932: Podvig / Подвиг (på engelsk 1971 som Glory)
  • 1932: Kamera obskura / Камера обскура, som V. Sirin (på engelsk 1936 som Camera Obscura, 1938: Laughter in the Dark, filmatisert 1969)
  • 1936: Otčajanie / Отчаяние (på engelsk 1937 som Despair; filmatisert 1978)
  • 1937–38: Dar / Дар, som V. Sirin (på engelsk 1963 som The Gift)
  • 1938: Priglašenie na kazn' / Приглашение на казнь (på norsk 1961 som Stevnemøte med bøddelen)
  • 1938: Sogljadataj / Соглядатай, kortroman frå 1930 (på engelsk 1965 som The Eye)

Skuespill[endre | endre wikiteksten]

  • 1923: Smert'
  • 1923: Dedushka (The Grand-dad)
  • 1924: Polius (The Pole)
  • 1927: Chelovek iz SSSR (The Man from the USSR)
  • 1938: Sobytie (The Event)
  • 1938: Izobretenie val'sa (på engelsk 1966 som The Waltz Invention)

Anna[endre | endre wikiteksten]

  • 1922: Raduga: russkie poety dlia dietei, redigert av Aleksandr Glikberg, inneheld tre dikt av Nabokov
  • 1923: Gornii put', som Vl. Sirin, dikt
  • 1929: Vozvraščenie Čorba, som V. Sirin, fortellingar og dikt
  • 1944: Nikolai Gogol, biografi (på engelsk 1947)
  • 1952: Stikhotvoreniia, dikt
  • 1956: Vesna v Fial'te i drugie rasskazy, som Sirin, fortellingar
  • 1959: Stikhi, som Sirin, dikt

Utgjevingar på engelsk[endre | endre wikiteksten]

Romanar

  • 1941: The Real Life of Sebastian Knight
  • 1947: Bend Sinister
  • 1955: Lolita (på norsk 1959, filmatisert 1962 og 1997)
  • 1957: Pnin
  • 1962: Pale Fire
  • 1969: Ada, eller Ardor: a Family Chronicle
  • 1972: Transparent Things
  • 1974: Look at the Harlequins!
  • 1986: The Enchanter (på norsk 1987 som Trollmannen, omsett frå russisk)
  • 2009: The Original of Laura (posthumt)

Anna[endre | endre wikiteksten]

  • 1951: Conclusive Evidence, memoarar (på russisk 1954 som Drugie berega)
  • 1959: Poems, dikt, med teikningar av Robin Jacques
  • 1966: Speak, Memory: an Autobiography Revisited, revidert utgave av Conclusive Evidence (på norsk 1991 som Min europeiske ungdom)
  • 1970: Poems and Problems, poesi (inkorporerer Poems)
  • 1973: Strong Opinions, artikkelsamling
  • 1974: Lolita, filmmanuskript frå 1961
  • 1977: Letters from Terra: Vladimir Nabokov zu Ehren
  • 1980: Lectures on Literature: British, French, and German Writers, redigert av Fredson Bowers, forord ved John Updike
  • 1981: Lectures on Russian Literature, redigert og med forord av Fredson Bowers
  • 1983: Lectures on Don Quixote, redigert av Fredson Bowers, forord ved Guy Davenport
  • 1996: Now Remember

Om sommerfugler[endre | endre wikiteksten]

  • 1949: The Nearctic Members of the Genus Lycaeides Hübner (Lycaenidae, Lepidoptera)
  • 2000: Nabokov's Butterflies, upubliserte tekstar, redigert av Brian Boyd og Robert M. Pyle

Samlingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1947: Nine Stories, forteljingar
  • 1958: Nabokov's Dozen, a Collection of Thirteen Stories, forteljingar
  • 1966: Nabokov's Quartet
  • 1968: Nabokov's Congeries, utval og forord ved Page Stegner
  • 1973: A Russian Beauty, and Other Stories, forteljingar
  • 1974: The Portable Nabokov, utval og forord ved Page Stegner
  • 1975: Tyrants Destroyed, and Other Stories, 13 forteljingar (der 12 er omsett frå russisk)
  • 1976: Details of a Sunset, and Other Stories, forteljingar
  • 1986: Vår i Fialta, og andre noveller, utvalg ved Gordon Hølmebakk
  • 1995: The Stories of Vladimir Nabokov, forteljingar

Gjendiktingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1923: Lewis Carroll: Anja v straně čudes / Аня в стране чудес (Alice's Adventures in Wonderland)
  • 1944: Three Russian Poets: Selections from Pushkin, Lermontov and Tyutchev in New Translations
  • 1958: Mikhail Lermontov: A Hero of Our Time (Geroj našego vremeni), roman, saman med Dmitri Nabokov
  • 1960: The Song of Igor's Campaign: an Epic of the Twelfth Century (Slovo o polku Igoreve), omsett frå gammalrussisk
  • 1964: Aleksandr Pusjkin: Eugene Onegin (Evgenij Onegin), roman på vers, med forord og kommentarar (4 bind)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. russisk Владимир Владимирович Набоков

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vladimir Nabokov