Vladimir Putin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vladimir Putin

Vladimir Vladimirovitsj Putin (russisk:Владимир Владимирович Путин) (fødd 7. oktober 1952 i Leningrad) er ein russisk politikar og president i Russland sidan 7. mai 2012. Før det var han president i Russland frå 31. desember 1999 (fungerande president fram til 7. mai 2000) til 7. mai 2008. Før han vart president og mellom dei to presidentperiodane var han statsminister i Russland.

Putin vart fødd i Leningrad (no St. Petersburg) og studerte jus ved statsuniversitetet der. I 1975 fullførte han studiet og fekk jobb i KGB. Han var i fleire år KGB-offiser i avdelinga for utanlandsspionasje. Frå 1985 til 1990 gjorde han teneste i DDR. Frå juni 1991 til august 1996 jobba han i staben til den reformvenlege borgarmeistaren i St. Petersburg, Anatolij Sobtsjak.

Mellom 1998 og 1999 var han direktør i tryggleikstenesta FSB. I august 1999 vart han statsminister under Boris Jeltsin. Då Jeltsin gjekk av 31. desember 1999 tok Putin over som fungerande president. 26. mars 2000 vann han presidentvalet.

Putin har i tida si som president hatt eit nært samarbeide med Tyskland, mellom anna som motstandar av det amerikanske åtaket på Irak.

14. mars 2004 var det presidentval i Russland, Putin vart attvald for sin andre og siste periode med meir enn 70 % av stemmene. Presidenten kan berre sitte i to periodar i Russland. Putin hadde hatt stor nok majoritet til å endre grunnlova på dette punktet, men gjorde ikkje det. I staden støtta han kandidaturet til Dmitrij Medvedev, som vart vald som etterfylgjaren hans. Medvedev utnevnde Putin til statsminister dagen etter at Putin overlet presidentposten til Medvedev.

Putin gifta seg med Ljudmila Putina 28. juli 1983. Dei har to døtrer, Jekaterina (Katja), fødd 1985 og Maria, fødd 1986 i Dresden i dåverande DDR.

I motsetnad til fleire av sine forgjengarar, trenar Putin regelmessig. Han trenar særskild judo, som han har drive med sidan ungdomstida, ikkje berre som mosjonist, men også som konkurranseutøvar. Under ei statsvitjing til Japan, vitja Putin det namngjetne Kodokan dojo, og fekk det sjette svarte beltet. (6. dan).