Vladimir Smirnov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimir Smirnov


Verkeleg namn Владимир Михайлович Смирнов
Statsborgarskap Sovjetunionen, Kasakhstan
Fødd 7. mars 1964 (60 år)
Sjtsjutsjinsk
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 1988, langrenn under Vinter-OL 1994, Ski-VM 1985, Ski-VM 1987, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen, Ordenen folkenes vennskap, Idrettens mester i Sovjetunionen

Vladimir Mikhajlovitsj Smirnov (fødd 7. mars 1964) er ein tidlegare langrennsløpar frå Kasakhstan, som blant nordmenn fekk kallenamnet «Smirre». Han debuterte internasjonalt som skiløpar under VM i Davos i 1982. Sidan har han delteke i mange internasjonale skitevlingar, og var ofte ein arg konkurrent til Bjørn Dæhlie.

Skikarriere[endre | endre wikiteksten]

Smirnov har vunne ei rekkje medaljar i karrieren sin. Under Vinter-OL 1988 i Calgary vann han sylv på 30 km og bronse på 15 km. Under Vinter-OL 1994Lillehammer vann han gull på 50 km - dette var Kasakhstan sin fyrste olympiske gullmedalje. Under same OL vann han sylv på både 10 km og 15 km. I 1994 vart han tildelt Holmenkollmedaljen saman med Ljubov Jegorova og Espen Bredesen for skiprestasjonane sine.

Smirnov vann også VM-gull på 30 km, 15 km og 10 km i 1995, og VM-sylv på 15 km og 10 km i 1993, samt bronse på 30 km i same meisterskapen. Han har VM-bronse på 15 km og 30 km frå 1991, samt 50 km frå 1995. Smirnov vann verdscupen samanlagt i 1991 og 1994 og har 30 einskilde sigrar i verdscupen. Han deltok også i Vinter-OL 1998 i Nagano, men har vart ein tredjeplass på 25 km den beste prestasjonen hans.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Etter at han la opp som skiløpar var han Kasakhstan sitt medlem i IOC (den internasjonale olympiske komitéen) frå 1999 til 2001. Deretter var han medlem i IOC sin atlet-kommisjon frå 1998 til 2004. Smirnov var også leiar for kommitéen som kjempa for å få Vinter-OL 2014 til Alma Ata i Kasakhstan, men bodet vart avvist i 2006. Han har også vore ein av visepresidentane i International Biathlon Union (det internasjonale skiskytingsforbundet).

Smirnov deltok også i TV 2-programmet Gutta på tur, saman med Bjørn Dæhlie, Vegard Ulvang, Arne Brimi og Arne Hjeltnes då dei reiste på tur i Kasakhstan.

Smirnov budde i Sundsvall i Sverige frå 1991 til 2007 som svensk statsborgar med familien sin. I 2007 flytta han tilbake til Kasakhstan.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vladimir Smirnov flyttar tillbaka till Kazakstan» (på svensk). Sveriges radio. 10. september 2007. Henta 19. mars 2017.