Vladimir Solovjov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vladimir Solovjov

Vladimir Sergejevitsj Solovjov (28. januar 185313. august 1900) var ein russisk religionsfilosof frå Moskva.

Solovjov arbeidde for å skape ei syntese av dei ulike hovudretningane i kristendomen; ortodoksien, katolisismen og protestantismen. Han utforma eit idealistisk grunnsyn med preg av mystisisme. Solovjov sitt androgyne gudsbilete basert på forestillinga om Sofia, den gudommelege visdommen, fekk stort gjennomslag i den russiske symbolismen. Mellom dei som var mykje påverka av Solovjov, var forfattaren og venen Fjodor Dostojevskij.

Peter Normann Waage kom i 1988 ut med Det usynlige kontinent: Vladimir Solovjov som Europas filosof. På norsk finst elles En kort fortelling om antikrist (1984). Erik Egeberg presenterar Solovjov kort i Profet og nattergal (1977) og gjev døme på lyriske arbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]