Vladimir Stojković

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimir Stojković
Personleg informasjon
Fullt namn Владимир Стојковић
Vladimir Stojković
Fødd 28. juli 1983
Fødestad Loznica
Høgd 196 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Partizan
Ungdomsklubbar
1998-2000
2000-03
Serbia og Montenegro Loznica
Serbia og Montenegro Raude Stjerne
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2003
2003-05
2005-06
2006-07
2007
2007-11
2009
2009-10
2010-11
2011-
Bosnia-Hercegovina Leotar (lån)
Serbia og Montenegro Zemun
Serbia og Montenegro Raude Stjerne
Frankrike Nantes
Nederland Vitesse (lån)
Portugal Sporting
Spania Getafe (lån)
Wigan (lån)
Partizan (lån)
Partizan
4 (0)
33 (0)
24 (0)
10 (0)
8 (0)
9 (0)
5 (0)
4 (0)
26 (0)
52 (1)
Landslag
2006- Serbia 40 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. juni 2011

Vladimir Stojković (fødd 29. juli 1983) er ein serbisk fotballspelar. Han har vore keeper for det serbiske landslaget. I 2011/12-sesongen spela han for Partizan i den serbiske fotballigaen.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Stojković vart fødd i Loznica vest i Serbia, i ein sportsleg familie. Faren var fotballkeeper og mora handballspelar. 17 år gammal gjekk han til Raude Stjerne i Beograd, men der vart han halde ute av førstelaget av Vladimir Dišljenković. For å få erfaring vart Stojković lånt ut, først til Leotar i Trebinje i Bosnia-Hercegovina, og seinare til Zemun i Serbia. Då Dišljenković forlet Raude Stjerne sommaren 2005 vart Stojković førstekeeper i klubben, som vann både serien og cupen denne sesongen, under leiing av den italienske keeperlegenda Walter Zenga.

Sommaren 2006 vart Stojković selt til den franske klubben Nantes, visst nok for 3 millionar euro. Etter ein lovande start mista han forma, og mista førstelagsplassen til den unge reservekeeperen Vincent Briant. Då klubben fekk ny trenar, vart Stojković oppmoda til å skifta klubb. Vårsesongen 2007 var han i Vitesse i Arnhem i Nederland på lån.

11. juli 2007 skreiv Stojković under ein femårskontrakt med det portugisiske topplaget Sporting. Igjen begynte det bra for han, men mot slutten av haustsesongen vart han skada, og mista plassen på laget. Etter konfliktar med trenaren vart han degradert til tredjeval som keeper for Sporting. I januar 2009 gjekk han på lån til Getafe i Spania for vårsesongen. Han debuterte for Getafe 12. april same året. Ved utgangen av låneperioden var Getafe interessert i å kjøpa keeperen, men vart ikkje samde med Sporting om prisen. Ved starten av 2009/10-sesongen var han dermed attende i Sporting, utan å få sjanse til å spela på førstelaget. Han uttrykte at han var villig til å gå ned i løn, om han kom til ein klubb der han fekk spela fast.

I desember 2009 vart det kunngjort at Stojković gjekk på lån til Wigan Athletic for vårsesongen 2010. Han spelte første kampen sin for Wigan 23. januar 2010, i ein FA-cupkamp mot Notts County. Per mars 2010 hadde han berre fått to seriekampar for Wigan, men sat fast på benken som reserve for Chris Kirkland.

I august 2010 gjekk han på lån til Partizan Beograd. Etter dette vart han eit hatobjekt for dei berykta supporterane til den rivaliserande klubben Raude Stjerne, som han hadde spelt for før. Han vart utsett for drapstruslar, og før landskampen borte mot Italia 12. oktober 2010 vart han angripen av serbiske supporterar, og trekte seg til slutt frå kampen.[1]

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Stojković spelte U21-landskampar for Serbia og Montenegro. Han var med i Serbia og Montenegro sin tropp til fotball-VM i 2006 som reservekeeper, utan å ha spelt nokon landskampar så langt. Han fekk heller ikkje spela nokon kampar under VM. Då Javier Clemente vart landslagstrenar for det nye landslaget til det sjølvstendige Serbia sommaren 2006, vart Stojković førstevalet som serbisk landslagskeeper. Han debuterte på landslaget i ein 3-1-siger borte mot Tsjekkia i ein vennskapskamp. I 2008 var Stojković med på Serbia sitt lag under sommar-OL i Beijing. Han heldt fram som fast landslagskeeper under skiftande landslagstrenarar, sjølv om han hadde problem med å få spela for klubben sin. Han spelte dei fleste av Serbia sine kvalifiseringskampar til fotball-VM i 2010, då Serbia kvalifiserte seg til å delta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]