Vladimir V. Petrov
Vladimir Vladimirovisj Petrov (30. juni 1947–28. februar 2017) var ein russisk ishockeyspelar frå Krasnogorsk. I tida 1969-81 vann han ni VM-gull og to OL-gull med Sovjetunionen sitt landslag i ishockey.
Petrov var senterløpar i Sovjetunionen si berømte fyrsterekke saman med Boris Mikhajlov på høgrevengen og Valerij Kharlamov på venstrevengen. Petrov vart verdsmeister fyrste gongen i 1969 og siste gongen i 1981. I 1972 så vel som i 1976 vart han olympisk meister.
Petrov spelte på Krylja Sovetov i Moskva frå 1965 til -67. Perioden 1967-81 var han aktiv i CSKA Moskva, det sovjetiske topplaget som desse 14 sesongane henta heim ni sovjetmeisterskap. Han avslutta med spel for SKA Leningrad frå 1981 til -83. Over 18 sesongar spelte han til saman 595 klubbkampar, i desse kampane skåra han 370 mål og sanka 713 målpoeng.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Wladimir Wladimirowitsch Petrow» frå Wikipedia på tysk, den 12. november 2019.