Vladimir Vladimirovitsj Tsjarnoluskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vladimir Vladimirovitsj Tsjarnoluskij
Fødd1. juni 1894
St. Petersburg
Død16. mars 1969
NasjonalitetDet russiske imperiet, Sovjetunionen
Områdeetnografi
Yrkeforfattar, skribent
Alma materThe Faculty of Geography and Geoecology

Vladimir Vladimirovitsj Tsjarnoluskij (18941969) var ein russisk, seinare sovjetisk språkforskar og etnograf.

Tsjarnoluskij deltok i forskingsreisa til Kola-halvøya i 1927, der vart interessa hans vekt for samisk språk. Han samla inn etnografisk materiale, delar av dette vart publisert først 30-40 år seinare, på 1960- og 1970-talet.

Pausen på 30 år mellom forskingsreise og publisering heng saman med den nye sovjetiske språkpolitikken etter midten av 30-talet. Mange nasjonale akrivistar vart skulda for nasjonalistiske avvik, og samarbeid med fascistiske språkforskarar i andre land.

Tsjarnoluskij kunne slå fast at dei samiske eventyra hadde teke opp i seg samanhengar mellom samane og komiane.

Viktige arbeidd[endre | endre wikiteksten]

  • Tsjarnoluskij, V.V.: 1930: Materialy po bytu loparei. Leningrad 1930.
  • Tsjarnoluskij, V.V.: 1962: Saamskije skazki (samiske eventyr)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]