Vladislav II Jagello av Polen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vladislav II Jagello
Wladislaus II Jagiello of Poland.PNG
Storhertug av Litauen og konge av Polen
Regjeringstid1386-1434
Polsk namnWładysław II Jagiełło
LitauiskJogaila
KviterussiskЯгайла/Jahajła
Fødd1362
FødestadVilnius
Død1. juni 1434
DødsstadHorodok i Lviv oblast
FøregjengarJadwiga
Gift medJadwiga, Anna av Celje, Elisabeth av Pilica, Sofia av Halshany
BornMed Jadwiga av Polen: Elżbieta Bonifacja
Med Anna av Celje: Jadwiga av Litauen

Vladislav II Jagello[a] (ca. 1351-1434) var storhertug av Litauen og konge av Polen. Han var den siste heidenske herskaren av mellomalderske Litauen, og konverterte til kristendommen før han blei polsk konge.

Jagello, seinare Vladislav, var son av storhertug Algirdas av Litauen og Uliana Aleksandrovna av Tver.

Vladislav II Jagello av Polen måla på andre halvdel av 1400-talet.

Han regjerte i Litauen frå 1377, først saman med onkelen Kęstutis. I 1386 konverterte han til kristendommen, gifta seg med den polske dronninga Jadwiga på elleve år, og blei krona til polsk konge under namnet Władysław Jagiełło (Vladislav Jagello). Han styrte Polen i 48 år og la grunnlaget for den polsk-litauiske unionen, som skulle vara i fleire hundreår.

Som konge av Polen gjekk Vladislav inn for ein nær allianse med Litauen mot Den tyske ordenen. Sigeren til desse allierte i slaget ved Tannenberg i 1410, og deretter den første freden i Toruń, sikra dei polske og litauiske grensene og markerte den polsk-litauiske alliansen som ei større europeisk makt. Styret til Vladislav II Jagello utvida dei polske grensene og er blitt sett på som byrjinga på den polske gullalderen. Han var også stamfar for Huset Jagello som regjerte i begge statane fram til 1572, og blei eitt av dei mest innflytelsesrike dynastia i Europa under mellomalderen.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Det eigentlege namnet hans var Jogaila (Jagiełło/Jahajła) og døypenamnet var Wladislaus (polsk Władysław, men også Vladislaus, Ladislaus, Ladislas og Vladislav er registrert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]