Vlasinasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vlasinasjøen
innsjø
none
Område Søraust i Serbia
utløp Vlasina
Høgd over havet 1211 moh moh
Lengd 10 5 km km
Breidde 3 5 km km
Middeldjupne 10 3 m m
 - Største djupne 34 m m
Volum 1 65 km³ km³
Areal 16 km² km²
Tilfryst Stundom
Øyar 2 permanente
Wikimedia Commons: Vlasina Lake

Vlasinasjøen (serbisk Власинско језеро, Vlasinsko jezero) er ein delvis kunstig innsjø søraust i Serbia. Han ligg 1211 meter over havet og har eit areal på 16 km². Dette er den høgaste og største kunstige innsjøen i Serbia. Han vart skapt frå 1947 til 1951 då ei torvmyr vart lukka av ein dam og lagt under vatn av elvane som strøymde inn, hovudsakleg elva Vlasina.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Vlasinasjøen

Innsjøen ligg på Vlasinaplatået i kommunane Surdulica og Crna Trava.[1] Platået er omgjeve av fjella Čemernik, Vardenik og Gramada.[2] Innsjøen strekkjer seg om lag 9,5 km frå nord til sør og er opp mot 3,5 km brei på det breiaste. Middeldjupna er 10,5 meter og på det djupaste er han 34 meter, nær demninga.[3]

Demninga ligg i den nordvestlege delen av innsjøen. Han har ei kjerne av sement og er dekt av jord. Demninga er 239 meter lang og 139 meter brei, og held tilbake 1,65 km³ vatn.[4] Eit system på fire vasskraftverk kalla Vrla (I-IV) ligg nedanfor innsøjen langs elva Vlasina. Dei har ein total kapasitet på 125 MW.[5].

Det er to permanente øyar i innsjøen, langs austbreidda. Desse er Dugi del (7,84 ha) og Stratorija (1.82 ha).[1] I tillegg til desse finst det fleire flytande øyar[6], som oppstår i periodar med høg vasstand når store bitar av torv bryt laus frå breidda. Den største av desse «øyane» som er observert har eit areal på 8 hektar. Ho er dekt av tett vegetasjon, mellom anna bjørk.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]