Vlie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vlie eller Vliestroom er ein sjøveg mellom øyane Vlieland og Terschelling i Nederland. Vlie var estuaret til elva IJssel i mellomalderen. I 1666 brende den engelske admiral Robert Holmes den nederlandske handelsflåten på 130 skip (Holmes's Bonfire), som hadde søkt tilflukt i Vlie og trudde feilaktig at engelskmennene ikkje ville finne vegen mellom dei farlege grunnene. I dag er det mogeleg å nå hamna i Harlingen via Vlie.

Ein meiner at det gamle romerske namnet på innsjøen Lacus Flavo, som seinare vart Zuiderzee, har same opphav som Vlie og at kanskje Vlie ein gong var namnet på heile innsjøen og den store elva som rann ut frå han. På 1200-talet førte store flaumar til at estuaret vart utvida og torvmyrene innanfor vart øydelagd. Dette skapte eit stort område med sand og mudderflater.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]