Voi Voi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Voi Voi»
Eurovision Song Contest 1960
Land Noreg
Artist(ar) Nora Brockstedt
Språk Norsk og finsk
Komponist(ar) Georg Elgaaen
Låtskrivar(ar) Georg Elgaaen
Resultat
Finalepoeng 11
Finaleplass 4
Noreg i Eurovision Song Contest
«Voi Voi» «Sommer i Palma»
(1961)

«Voi Voi» (finsk for 'Au da') var det norske bidraget i Eurovision Song Contest 1960 i London i Storbritannia, framført på norsk og finsk av Nora Brockstedt. Bidraget enda på fjerdeplass med elleve poeng.

Uttrykket «voi voi»[endre | endre wikiteksten]

«Voi voi» er eit finsk uttrykk for overvelde eller eit sukk. På norsk kan «voi voi» tyde «au da», «uff da», «å, å» og «å kjære». Songtittelen «Voi Voi» er dimed ikkje samisk sjølv om teksten handlar om ei samejente. På samisk vert «voi voi» skrive «vuoi vuoi».[1][2][3]

Melodi Grand Prix 1960[endre | endre wikiteksten]

«Voi Voi» vart vald ut av Norsk rikskringkasting (NRK) til å delta i den fyrste utgåva av Melodi Grand Prix, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1960. Songen måtte gjennom ein semifinale der han vart sungen av Inger Jacobsen. Bidraget vann og gjekk vidare til finalen der det vart framført av Nora Brockstedt. «Voi Voi» vann og fekk vere det fyrste bidraget til å representere Noreg.

Eurovision Song Contest 1960[endre | endre wikiteksten]

Noreg deltok i Eurovision Song Contest 1960 i London i Storbritannia 25. mars 1960 og enda på fjerdeplass med elleve poeng - fire frå Sveits, to frå Danmark og eitt frå Storbritannia, Belgia, Austerrike, Nederland og Frankrike. Det var fyrste gong ein nytta norsk og finsk språk i tevlinga.

Melodi Grand Prix 2012[endre | endre wikiteksten]

I finalen i Melodi Grand Prix 2012 song kvar av finalistane; Nora Foss al-Jabri, Tommy Fredvang, Plumbo, The Carburetors, Yaseen og Julie Maria, Tooji, Lise Karlsnes, Malin, Petter Øien og Reidun Sæther, med unntak av Bobby Bare, sin eigen versjon av songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Andreas Soltvedt (11. desember 2009). «Boine kommer som bestilt» (på norsk). Varden. Henta 19. juni 2013. 
  2. «Voi Voi» (på norsk). Glosbe. Henta 19. juni 2013. 
  3. «voi» (på engelsk). Wikitionary. Henta 19. juni 2013.