Voitto Hellsten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Voitto Hellsten

Voitto Valdemar Hellsten (15. februar 19327. desember 1998) var ein finsk friidrettsutøvar og politikar frå Pertteli. Han vann på spesialdistansen 400 meter sølvmedaljen ved EM 1954 og bronsemedaljen under Sommar-OL 1956. I tida 1962 til 1970 var han riksdagsmann for sosialdemokrat-partiet (SDP) i Finland.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Hellsten vert i Finland særleg hugsa for sine mange triumfar i landskampane mot Sverige. I 1950-åra deltok han i 33 landskampar og sikra finsk siger i heile 52 tevlingar. Under Sommar-OL 1952 på finsk heimebane i Helsinki tevla han på både på 100 m, 200 m og i 4 x 100 m stafett, utan å utmerke seg. To år seinare vann han sølvmedaljen på 400 m ved europameisterskapen i Bern, einast Ardalion Ignatjev frå Sovjetunionen vart for sterk. I den same meisterskapen syrgde Hellsten som ankermann for finsk bronsemedalje i 4 x 400 m stafett, eitt sekund føre Sverige på fjerdeplass. Under dei olympiske leikane i Melbourne i 1956 gjorde Hellsten i semifinalen sitt livs beste løp på 400 meter, med tida 46,1 sette han ein finsk rekord som stod i 15 år. I finalen fekk han notert 47,0 i sluttid og delte den olympiske bronsemedlajen med Ardalion Ignatjev.

Åra 1952-58 vann Hellsten 13 finske meistertitlar; fire på 100 meter, fem på 200 m og fire på 400 m.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Hellsten var frå 1950-åra busett i Turku. Han var aktiv i lokalpolitikken frå 1960, og representerte det sosialdemokratiske partiet (SDP) i bystyret frå 1972. Ved riksdagsvalet i 1962 vart han vald inn i den finske riksdagen for sosialdemokratane, attvald for ein ny fireårsbolk i 1966.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]