Vojislav Koštunica
Vojislav Koštunica | |
![]() | |
Fødd | 24. mars 1944 (79 år) Beograd |
---|---|
Statsborgar av | Serbia |
Parti | New Democratic Party of Serbia, Det demokratiske parti |
Yrke | politikar, jurist, pedagog |
Institusjonar | Universitetet i Beograd |
Utdanna ved | Det juridiske fakultet ved Universitetet i Beograd Universitetet i Beograd |
Vojislav Koštunica (serbisk Војислав Коштуница), fødd 24. mars 1944 i Beograd, er ein serbisk politikar, og var statsminister i Serbia frå 3. mars 2004 til 2. juli 2008. Han var den siste presidenten i Jugoslavia frå oktober 2000 til februar 2003 då Jugoslavia vart erstatta av unionen Serbia og Montenegro. Han leiar det konservative partiet Demokratska stranka Srbije (DSS) (Serbias demokratiske parti).
Koštunica var presidentkandidat for ein samla opposisjon ved presidentvalet i Jugoslavia i september 2000, som han vann. Den sitjande presidenten, Slobodan Milošević godkjende ikkje valresultatet. Dette førte til gateprotestar, som til slutt førte til at Milošević gjekk av 5. oktober 2000, og Koštunica vart den siste jugoslaviske presidenten, fram til februar 2003.
Ved parlamentsvalet i Serbia i desember 2003 vart DSS det største demokratiske partiet og Koštunica skipa ei mindretals- koalisjonsregjering, med støtte frå, mellom anna, Milošević sitt parti Socijalistička partija Srbije (Serbias sosialistiske parti).
Føregangar Slobodan Milošević |
President i Jugoslavia 2000–2003 |
Etterfylgjar |
Føregangar Zoran Živković |
Statsminister i Serbia 2004–2008 |
Etterfylgjar Mirko Cvetković |