Volda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Volda
tettstad
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Volda
Areal 4,02 km²
Folketal 6 221 (2015)
Folketettleik 1 548 / km²
Postnummer 6100 VOLDA
Innbyggjarnamn volding
Preposisjon i Volda
Wikimedia Commons: Volda (village)

Volda er ein tettstad og administrasjonssenteret i Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Tettstaden ligg på nordaustsida av Voldsfjorden og har 6 221 innbyggjarar per 1. januar 2015.

Volda er eit lokalt skule-, administrasjons- og handelssentrum, med lærarutdanning frå 1861. Her ligg Høgskulen i Volda med avdelingar for lærarutdanning, humanistiske fag, samfunnsfag og mediefag, og Volda vidaregåande skule med varierte studieretningar.

I Volda ligg lokalsjukehuset Volda sjukehus og kontora for Søre Sunnmøre tingrett. Her står også Volda kyrkje, ei krosskyrkje frå 1932. Vest for tettstaden ligg Volda Skisenter. Avisa Møre kjem ut i Volda tre dagar i veka.

Frå Volda sentrum går det ferje over Voldsfjorden til Lauvstadfylkesveg 652 og Folkestadfylkesveg 651 (før 2012: E 39). På Hovden i Ørsta kommune, 5 kilometer frå Volda sentrum, ligg Ørsta/Volda lufthamn som er traffikert av Widerøe.[1]

Bilete frå Volda[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Volda. Store norske leksikon (15.08.2016). Vitja 07.09.2016.