Volda Elektriske Mylne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mylnå

Volda Elektriske Mylne er ei mylne som mel med kvernsteinar. Verksemda ligg i VoldaSunnmøre.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mylna i Volda vart oppstarta i 1868. Då vart ho dreva av eit vasshjul. Aarflot-karane som stod bak meinte det skulle vere forretning i å male for andre korndyrkande bønder. Men dei heldt stort sett fram med å male på sine eigne gardskverner, og det vart vanskeleg å få tak i korn. Det vart difor satsa på guano. Eigarane kjøpte fiskeavfall som dei frakta heim, turka og mol. Etterspurnaden etter gjødsel var stor og det gjekk godt ei tid. Etter kvart vart det starta guanomylner nærare ilandføringsstadane for fisken. Voldamylna vart utkonkurrert.

I 1930 vart mylna flytt og elektrifisert og fekk namnet Volda Elektriske Mylne. Etter ein brann i 1936 vart ho plassert der ho no ligg. Etterkvart slutta bøndene å male sjølve, og mylna fekk meir å gjere.

Det vart vanleg at mylner i Noreg bytte ut kvernsteinane med hammarkverner. Dette var ei dyr investering som dei fleste bygdemylner ikkje hadde råd til. Dei fleste vart avvikla, og mylna i Volda vart einerådande på Sunnmøre. Verksemda heldt fram med å male på kvernsteinar. I 1973 vart mylna Volda Elektriske Mylne overteken av Felleskjøpet. Produksjonen held fram, om enn i tildels svært liten målestokk. I 1999 vart mylna nedlagd, etter mykje ordskifte og protestar.

Mylna i dag[endre | endre wikiteksten]

I 2001 vart Volda Elektriske Mylne starta opp att. Den siste disponenten frå felleskjøpstida, Elias Moe, overtok anlegget.

Det vert no satsa på maling av spelt. På kverner med kvernsteinar kan ein, i motsetning til på hammarkverner, male korn med skalet på. Når det skalrike speltkornet vert male på steinkverner vert mjølet meir fiberrikt enn på hammarkverner, der ein må fjerne skalet før maling.

Produksjonen og vareutvalet har vorte større siste åra.

Mylnå, som er den daglege nemninga på verksemda, har starta eige utsal der det mellom anna vert selt mjøl og brød. På laurdagane er det ofte råd å få kjøpt speltgraut.

I juni 2008 tildelte Norsk kulturarv Olavsrosa til Volda Elektriske Mylne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]