Volda vidaregåande skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Volda vidaregåande skule ligg i Volda i Møre og Romsdal. Skulen har 520 elevar, 70 pedagogisk tilsette og eit driftspersonale på 15.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Volda offentlege landsgymnas[endre | endre wikiteksten]

Volda private millomskole og gymnas vart etablert i 1910 som det første gymnaset på landsbygda i Noreg. Frå starten var skulen ein privat treårig skule som bygde vidare på middelskolen. Skulen fekk statstilskott frå 1914 og skifte då namn til Volda offentlege landsgymnas. Skulen vart etablert av Johan Fredrik Voss og Olav Riste som saman var rektorar fram til 1917. Deretter heldt Olav Riste fram som rektor. Skulen skifte seinare namn til Volda Gymnas og i 1966 til Volda videregående skole AF då den vart treårig.

Volda Handelsskole[endre | endre wikiteksten]

Volda Handelsskole, seinare Volda videregående skole HK, vart etablert i 1933, den òg som den første av sitt slag i Noreg utanom byane. Frå og med skuleåret 1994/95 vart desse to skulane slegne saman til ein skule med det noverande namnet Volda vidaregåande skule.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]