Volker Beck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volker Beck


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 30. juni 1956 (67 år)
Nordhausen
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1980 Summer Olympics – men's 400 metres hurdles, athletics at the 1980 Summer Olympics – men's 4 × 400 metres relay

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Volker Beck (fødd 30. juni 1956) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Nordhausen som vart olympisk meister på 400 meter hekk under Sommar-OL 1980 i Moskva. I dei same leikane fekk han sølv i 4 x 400 med Aust-Tyskland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Beck vann i 1977 400 m hekk ved europacupen for landslag i Helsinki, med tida 48,90 sekundar vart han den fyrste tyskaren under 49 sekundar i øvinga. Seinare i same sesongen forbetra han den austtyske rekorden til 48,83 då han vart nummer to på langhekken i verdscupen i Düsseldorf, der han også kom på andreplass på 400 med tida 45,50.

Den 4. august 1979 sprang Beck det fortaste på 400 m hekk nokon gong då han i Torino vart tredjemann i europacupen med tida 48,58 sekundar. Året etter vann han gullmedaljen på 400 m hekk under dei olympiske sommarleikane i Moskva, med tida 48,70 kom i mål 0,16 sekund framom Vassyl Arkhipenko frå Sovjetunionen. Beck sprang i same leikane den siste etappen for Aust-Tyskland i 4 x 400 meter stafett, der han på oppløpssida måtte sjå seg forbigått av Sovjetunionen sin ankermann, olympisk meister på 400 m Viktor Markin, slik at Aust-Tyskland enda opp med sølv, 0,18 sekund bak det sovjetiske laget.

I 1981 vann Beck langhekken i europacupen på tida 48,94. Han vart elles austtysk meister på 400 m hekk i 1980, 1981 og 1983.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]