Voll i Rauma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Voll
tettstad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Rauma
Areal 1,1 km²
Folketal 510 (2015)
Folketettleik 464 / km²
Postnummer 6386 MÅNDALEN

Voll er ein tettstad i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke. Voll var tidlegare òg ein kommune. Tettstaden har 510 innbyggjarar (2015) og ligg nedst i Måndalen, ved Vollabukta i Romsdalsfjorden. Elva Måna renn ut i fjorden her.

Her ligg Voll kyrkje frå 1896.

Voll kommune[endre | endre wikiteksten]

Frå 1837 var Voll del av Eid og Voll formannskapsdistrikt.

1. januar 1874 vart området deld i to, og Voll vart eigen kommune med 695 innbyggjarar. 1. januar 1965 vart Voll slege saman med Eid, Grytten, Hen og det meste av Veøy kommunar til den nye Rauma kommune. Ved samanslåinga hadde Voll 1163 innbyggjarar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Voll kommune frå 1874 til 1964:

1875[1] 1900[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964[5]
973 1014 969 952 1105 1086 1172 1163

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Voll 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.