Volleyball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volleyballspel

Volleyball er ein ballidrett med seks spelararbana for kvart lag. Spelarane roterer rundt på bana slik at alle kjem på dei ulike posisjonane på sin banehalvdel undervegs i spelet. Bana er delt i to med eit nett på midten. Nettet har ei høgde på 2,43 meter for menn, og 2,24 meter for kvinner. Kvar banehalvdel er 9·9 meter.

Målet i spelet er å vinna flest mogleg poeng ved å slå ballen ned på motstandaren si banehalvdel. Kvart lag kan berre vere borti ballen tre gonger før den må sendast over nettet. Heile kroppen kan brukast (også føtene), men best kontroll vert det sjølvsagt ved bruk av hendene og aller helst med bruk av faste slag. Same spelar kan ikkje slå ballen to gongar etter kvarandre, med unntak av dersom fyrste berøringa er i blokk. Avhengig av aldersgruppe, spelar ein kampane med målet om å vere fyrst til tre eller to sett, der dei fyrste setta spelast til 25, men må vinnast med to poeng (til dømes 25-12, 25-23, 25-15). Dersom det må spelast eit 5. sett eller eit tredje sett, er det føyste lag til 15 poeng.

Kampane blir spela med 5 sett (à 25 poeng) kor laget med flest settsigrar har vunne.

Per 2007 er volleyball den 9. største idretten i Noreg målt i tal registrerte lisensierte utøvarar. Volleyball reknast for å vere verdas største idrett, målt i tal medlemsland med utøvarar knytte til nasjonale volleyballforbund. Over ein milliard menneskjer spelar volleyball rund i verda, og meir enn 220 land er slutta til det internasjonale volleyballforbotnet.

Oppleggar[endre | endre wikiteksten]

Leggaren er den spelaren på bana som gjennom ein kamp er borti ballen flest gonger. Ideelt skal oppleggaren nemleg ta «andre-ballen»/framlegget og leggje den opp til eit angrep. Det vert helst gjort med fingerslag, då dette gjer best kontroll på ballen sin fart og retning. Oppleggaren kan og bli kalla «hjernen til laget», då det er denne spelaren som styrar spelet og vel kven som skal få angripe.

Ordforklaringar[endre | endre wikiteksten]

  • Serve: Starten på ei ballveksling. Ein spelar frå laget som vann siste ballveksling sett i gang ved å slå ballen over nettet frå laget si baklinje.
Mottak av volleyball.
Foto: Andrew Choy
  • Baggerslag: Mottaksslag der ein bruker underarmane.
  • Fingerslag: Slag der fjøringa i fingertuppane gjev spelaren eit mykje presist slag.
  • Smash: Hardt angrepsslag over hovudet.
  • Dipp: Svakt slag som gjev ballen ein kort bane.
  • 3-meter: Angrep frå bakspelar som må satse bak 3-meter-linja.
  • Sett: Ein omgang i spelet. Laget vinn settet ved å komme først til 25 poeng med 2 poeng forsprang.
  • Timeout: Taktisk pause på 30 sekund. Kvart lag kan ta to time-outar per sett.
  • Legger: Spelar som har som hovudoppgåve å legga opp ballar som kan slåast hardt ned på motstandaren si side.
  • Center: Spelar som angrip på mykje snøgge ballvekslingar.
  • Kantspelar: Spelar som slår på (venstre)kant, normalt hovudangriparen på eit lag.
  • Diagonal: Spelar som står diagonalt i forhold til legger, spesialist på å angripa 3-meter.
  • Libero: Spesialisert forsvarsspelar som kan byta fritt med bakspelarar. Kan ikkje angripe eller legge med fingerslag framfor 3-meter-linja.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]