Vollsjö

Koordinatar: 55°42′17.532″N 13°47′14.993″E / 55.70487000°N 13.78749806°E / 55.70487000; 13.78749806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°42′17.532″N 13°47′14.993″E / 55.70487000°N 13.78749806°E / 55.70487000; 13.78749806

Vollsjö kyrka.

Vollsjö er ein tettstad i Sjöbo kommun i Skåne län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 788 innbyggjarar.

Vollsjö er først og fremst kjend som fødestaden til forfattaren Fritiof Nilsson Piraten. I historiene han har skrive om den skånske landsbygda, har Piraten henta fleire karakterar og miljø frå heimstaden.

Stasjonshuset blei bygd i 1866, då jernbanen mellom Eslöv og Ystad blei bygd. Stasjonsbygningen var bemanna fram til 1975, og blei deretter ståande og forfalle inntil han vart riven. Framleis står godsmagasinet, banevaktstua og pumpehuset, som omtalast i fleire av bøkene om Bombi Bitt. I banevaktstua ligg Piratenmuseet, som skildrer Fritiof Nilsson Piraten sitt liv og verksemd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]