Volodimir Bessonov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volodimir Bessonov


Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 5. mars 1958 (66 år)
Kharkiv
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1990, VM i fotball 1986, VM i fotball 1982, Sommar-OL 1980, EM i fotball 1988

Utmerkingar

Master of Sport of the USSR, International Class, 3. klasse av Ukrainas fortjenesteorden, 2. klasse av Ordenen for fortjenester, Idrettens mester i Sovjetunionen

Volodimir Vasyljovitsj Bessonov (fødd 5. mars 1958) er ein tidlegare fotballspelar frå Kharkiv, mangeårig høgreback som vann cupvinnarcupen 1986 med Dynamo Kiev og som i 1988 spelte EM-finale og same året vart olympisk meister for Sovjetunionen.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Bessonov var aktiv i Dynamo Kiev i nærare 15 sesongar, 1976-90. Med topplaget frå Kiev vann han fem sovjetiske seriemeisterskap og like mange nasjonale cuppokalar. Den 2. mai 1986 var han på plass på høgrebacken då Dynamo slo Atlético Madrid 3-0 i finalen i cupvinnarcupen i Lyon. Han avslutta med spel 1990/91 for israelske Maccabi Haifa.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Bessonov spelte 85 landskampar for Sovjetunionen i tida 1977-90, skåra fem landslagsmål. Han var med i fyrsteellevaren under Fotball-VM 1982 og i Mexico-VM 1986 og to under verdsmeisterskapen i Italia 1990, hans siste landskampar. Under europameisterskapen 1988 i Vest-Tyskland vart han skadd i semifinalen mot Italia og fekk då ikkje med seg EM-finalen mot Nederland, ein kamp som enda med nederlandsk siger 2-0. Bessonov vann elles ein bronsemedalje då Sovjetunionen under Sommar-OL 1980 slo Jugoslavia i bronsefinalen. Høgdepunktet med landslaget kom hausten 1988 då han vart olympisk meister i fotball, framfor 74 000 tilskodarar på olympiastadion i Seoul vart Brasil påført eit 2-1-tap.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL-gull: 1988 for Sovjetunionen
  • EM-sølv: 1988 for Sovjetunionen
  • OL-gull: 1988 for Sovjetunionen
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1986 med Dynamo Kiev
  • Sovjetisk seriemeister: 1977, 1980, 1981, 1985, 1986 med Dynamo Kiev
  • Sovjetisk cupmeister: 1978, 1982, 1985, 1987 med Dynamo Kiev

Kjelder[endre | endre wikiteksten]