Volodimir Muntjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Volodimir Muntjan

Мунтян, Владимир Фёдорович.jpg

Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 14. september 1946
Podilsk
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Volodimir Fjodorovitsj Muntjan (fødd 14. september 1946) er ein tidlegare fotballspelar og -trenar frå Kotovsk som sanka ei titals pokalar som Dynamo Kiev-spelar. Han var midtbanespelar og i 1969 vald til årets spelar i Sovjetunionen.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Muntjan var fødd i Moldavia, men voks opp i Kiev. Frå 1966 spelte han på Dynamo Kiev og vann i tida 1966 og 1977 den sovjetiske seriemeisterskapen heile sju gongar og den sovjetiske cupmeisterskapen ved to høve. Høgdepunktet for Muntjan og Dynamo kom då laget vann 3-0 over ungarske Ferencváros i finalen i cupvinnarcupen 1975 i Basel. Etter ei alvorleg ulukke i 1978 la han opp som aktiv.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå 1968 til 1976 spelte Muntjan 49 landskampar for Sovjetunionen og skåra sju mål i desse kampane. Han deltok i VM i fotball 1970 i Mexico, der det sovjetiske laget rauk ut i kvartfinalen mot Uruguay. Derimot fekk han ikkje vere med då Sovjetunionen vann semifinalen og tapte finalen under EM i fotball 1972.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1975 med Dynamo Kiev
  • Sovjetisk seriemeister: 1966, 1967, 1968, 1971, 1974, 1975, 1977 med Dynamo Kiev
  • Sovjetisk cupmeister: 1966 og 1974 med Dynamo Kiev

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Sovjetunionen i fotball-EM 1972