Volodymyr Zelenskyj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Volodymyr Zelenskyj
Boris Johnson's visit to Ukraine in occasion of the possible Russian invasion (68).jpg
Fødd25. januar 1978 (44 år)
Kryvyj Rih
Statsborgar avUkraina
PartiFolkets tenar
Yrkemanusforfattar, jurist, komikar, arrangementvert, filmprodusent, songar, skodespelar, programleiar, fjernsynsprodusent, imitator, humorist, underhaldningsartist, politikar, tivoliarrangør, filmskaper, игрок КВН, militær
InstitusjonarKvartal 95
Inter
1+1
Office of the President of Ukraine
Utdanna vedBedriftsøkonomisk institutt i Kryvyj Rih
Det nasjonale økonomiske universitet i Kyiv
MorRimma Zelenskaja
FarAleksandr Zelenskij
EktefelleJelena Zelenskaja
BarnKirill Vladimirovitsj Zelenskij

Volodymyr Oleksandrovytsj Zelenskyj (fødd 25. januar 1978) er ein ukrainsk skodespelar, filmskapar og politikar frå Kryvyj Rih, sidan 20. mai 2019 Ukrainas sjette president.

Zelenskyj er utdanna jurist. I 2003 var han med å danne filmselskapet Kvartal-95. Dei neste 15 åra arbeidde han som skodespelar og filmprodusent.

Våren 2018 var Zelenskyj med på å skipe partiet 'Folkets tenar'. Våren 2019 stilte Zelenskyj opp som partiet sin kandidat ved presidentvalet i landet, og fekk i fyrste valomgang flest røyster av alle kandidatane. Ved det avgjerande valet den 21. april fekk han over 73% av røystene, motkandidaten Petro Porosjenko vel 24%. Zelenskyj vart innsett i president-embetet den 20. mai. Han skreiv ut parlamentsval til 29. juli. 'Folkets tenar' fekk om lag 43 % av røystene og heile 254 av 424 representantar i Verkhovna Rada (høgsterådet).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Ukraina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.