Volovetspasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volovetspasset
Воловецький перевал
fjellovergang
Volovetspasset
Land  Ukraina
Stad Skole rajon og Volovets rajon
 - høgd 1 014 moh.
 - koordinatar 48°45′29″N 23°18′53″E / 48.75806°N 23.31472°E / 48.75806; 23.31472
traversert av jernbane i tunnel og veg
Kart
Volovetspasset
48°45′29″N 23°18′53″E / 48.758055555556°N 23.314722222222°E / 48.758055555556; 23.314722222222
Wikimedia Commons: Volovets Pass

Volovetspasset (ukrainsk Воловецький перевал, ungarsk Kisszolyvai-hágó) er ein fjellovergang nordaust i Karpatane i Ukraina. Toppen av passet ligg 1014 meter over havet og ligg på grensa mellom Skole rajon i Lviv oblast og Volovets rajon i Zakarpattja oblast.

Sørsida av passet er bratt, medan nordsida er slakare. Bergartane her er sandstein og skifer. Volovetspasset er tynt folkesett med enger som dominerer landskapet.

Det er ikkje mogeleg med biltrafikk over passet, fordi vegen opp er for vanskeleg å passere.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]