Voltameter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Voltameter er eit apparat til måling av den elektriske ladninga som passerer ein leidning i ei viss tid. Målingane blir utført ved å vege den stoffmengda som blir felt ut av straumen ved elektrolyse. Vanlege typar er sølvvoltameter og koparvoltameter. Til måling av energiforbruket i eit likestraumnett kan ein bruke knallgassvoltameter, som skil ut ei blanding av oksygen og hydrogen ved elektrolyse av vatn. Ein straum på 1 ampere utviklar 10,44 cm³ knallgass per minutt ved 0 °C og 1 atm trykk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]