Volvo Aero

Volvo Aero var eit tidlegare dotterselskap til Aktiebolaget Volvo, som utviklar høgteknologiske komponent til fly- og rom-industrien. Dei produserer òg gassturbinar. Volvo Aero vart stifta i Trollhättan, i 1930, under namnet Volvo Flygmotor. Oppgåva var opphavleg å forsyna det svenske flyvåpnet med jetmotorar. I 2007 hadde verksemda 3 200 tilsette og omsette for 7,646 millionar SEK. 1. oktober 2012 vart Volvo Aero seld til det britiske føretaketGKN.
Produkt
[endre | endre wikiteksten]Produkta til Volvo Aero vart utsette for høge påkjenningar og vart produserte med snevre toleransar og høge kvalitetskrav.
- Motoren for det svenske jagarflyet Gripen, RM12.
- Motoren for det svenske jagarflyet Viggen, RM8.
- Deler til flymotorar for passasjerfly. Dei samarbeidde med eit ti-tal produsentar av flymotorar og leverer deler til over 80 % av alle store jetmotorar.
- Turbinar og dyser til rakettmotorar.
Fabrikkar og kontor
[endre | endre wikiteksten]Hovudkontoret til Volvo Aero låg i Trollhättan, der dei òg hadde ein fabrikk, Volvo Aero Corporation. Applied Composites AB i Linköping laga komposittprodukt. Utanfor Sverige hadde selskapet fabrikkar i Noreg, Volvo Aero Norge i Kongsberg, USA med Volvo Aero Connecticut i Newington, og India, med Volvo Aero India i Bangalore.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Organization & locations ved www.volvoaero.com
- Delar av denne artikkelen bygger på «Volvo Aero» frå Wikipedia på dansk, den 28. juli 2011.