Vormeli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°26′39.0″N 7°59′50.0″E Vormeli er ei turisthytte i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Hytta ligg 610 m.o.h. og var opphavleg tre husmannsplassar i Utladalen aust for Hurrungane i Vest-Jotunheimen.

Det vart drive gardsbruk på staden i meir enn 100 år fram til 1868, og seinare har det vore seterbruk her fram til 1946. Staden var heilt avstengd frå omverda om vinteren. Det eine våningshuset er restaurert med bistand frå Norsk Kulturråd og Den Norske Turistforening.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]