Myrkdalen Fjellandsby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Voss Fjellandsby)
Hopp til navigering Hopp til søk

Myrkdalen Fjellandsby ligg i Myrkdalen, i den nordlege delen av Voss kommune, i fylket Hordaland. Myrkdalen Fjellandsby er to køyretimar unna Bergen, Sogndal og Geilo. Skisenteret er Vestlandets største skisenter og i stadig utvikling. Myrkdalen har 22 løyper i alle vanskegrader og er i tillegg kjend for gode moglegheiter for off-piste og fjell- og toppturar. Toppen av anlegget ligg på 1060 moh.[1]

Skianlegget[endre | endre wikiteksten]

Myrkdalen har 22 løyper og 9 heiser, fordelt på to 6-setars ekspressheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei minste. Av dei 22 løypene er det fire grøne løyper, sju blå løyper, åtte raude løyper og tre svarte løyper. Til saman har Myrkdalen 28,5 km preparerte løyper.[2] 

Myrkdalen har to parkar, familievenleg skicross-løype, og preparerte langrennsløyper i tilknyting til skisenteret. Myrkdalen har i tillegg hotell, hytter, leilegheiter, sportsbutikk, skiutleige, skiskule, barnepass, restaurantar, kafear og matbutikk.

Myrkdalen er per desember 2017 eigd av Schage Eiendom AS og Aurland Ressursutvikling AS[3]. Harald Haaland er dagleg leiar for Myrkdalen Fjellandsby. Han tok i 2015 over som leiar for Nils Akselberg, som no er eigedomsdirektør i Myrkdalen. [4]

Historia[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege planen for Myrkdalen var å bygga eit skitrekk og ein campingplass, men campingplassen vart det aldri noko av. I 1999 starta arbeidet med å planleggje hytter og fritidseigedommar, og to år seinare, i 2001, vart ein reguleringsplan med 355 hytter, eit lite senterområde med hotell og varmestove vedteke. I 2002 var Voss Fjellandsby grunnlagd, og i januar 2003 opna fjellandsbyen sitt fyrste skitrekk.[5]

I 2005 såg Myrkdalen eit potensiale for å utvikle fjellandsbyen endå meir. I tillegg til dei 355 tradisjonelle hyttene som allereie var der, ligg det per desember 2017 3400 fritidsbustader inne i kommunedelplanen. Allereie året før planen var vedteke, starta arbeidet med regulering av 2000 av dei, og per desember 2017 er 558 bustader bygd, utanom Myrkdalen Hotel som har 112 rom.

Dei store milepålane for utviklinga av Myrkdalen har vore Myrkdalstovo (2006), Kari Traa-trekket (2007), Myrkdalsekspressen (2008), Myrkdalen Hotel (2012), Storhaugekspressen (2014), barnetrekket Mikkel og Mikkeline (2016) og Torggarden (2016), som er eit nytt leilegheitsbygg vis-à-vis Myrkdalen Hotel med Myrkdalen Sport og Skiutleige i fyrste etasje. [6]

I 2013 skifta Voss Fjellandsby profil, og fekk namnet Myrkdalen Fjellandsby. For den nye profilen fekk ein tildelt merket for god design og vart også kåra til «Best of» i 2016 REBRAND 100® Global Awards, i konkurranse med jobbar frå 42 land.[7] Som ein del av den nye profilen, vart det vedteke at Myrkdalen skulle bruke nynorsk skriftmål gjennomgåande i heile bedrifta. Dette førte til at Myrkdalen i mars 2017 fekk tildelt målprisen frå Noregs Mållag. [8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Løypekart | Myrkdalen». www.myrkdalen.no (bokmål). Henta 22. desember 2017. 
  2. «Skisenter på Voss | Myrkdalen». www.myrkdalen.no (bokmål). Henta 22. desember 2017. 
  3. «Historia vår | Myrkdalen». www.myrkdalen.no (bokmål). Henta 22. desember 2017. 
  4. tekst, Terje Hjartnes | (23. oktober 2014). «Ny leiar i Myrkdalen Fjellandsby». Avisa Hordaland (norsk). Henta 22. desember 2017. 
  5. «Historia vår | Myrkdalen». www.myrkdalen.no (bokmål). Henta 22. desember 2017. 
  6. «Historia vår | Myrkdalen». www.myrkdalen.no (bokmål). Henta 22. desember 2017. 
  7. «Vant merkevarepris for Myrkdalen». Kreativt Forum (bokmål). Henta 22. desember 2017. 
  8. «Målprisen til Myrkdalen Fjellandsby - Hordaland». sites.google.com. Henta 22. desember 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]